Nr 7 Snøgjøltinden, Indre Dalsfjord (Ti TURmål 2005)

Nr 7 Snøgjøltinden, Indre Dalsfjord (Ti TURmål 2005)

Snøgjøltinden ligg på vestsida av Dalsfjorden, heilt på grensa til Sogn og fjordane, og er 926 moh.

SnøgjoltindenSindre Kvangarsnes

Dette er eit turmål som høver for dei fleste. Med normal gange så tar turen ca. ein time. Etter at Tussa bygde ut Åmelavassdraget midt på 70 talet, vart det kjøyrbar veg opp til desse vakre fjellområda i Indre Dalsfjord. 

Dette har medført at fleire i distriktet har valgt og bygge hytte i dette området, og der er ca. 60 hytter og sel. Vegen opp er bratt, og er ei oppleving i seg sjølv og køyre 

Utgangspunktet for turen er toppen av køyrevegen som heiter Nibbekloven. Den ligg på 632 m.o.h. 

Tryften er ein gammal sæter, der det i gamle dagar gjekk føre seg god gamal sætring som ein seier. 


IL Vingtor, 
v. Sindre Kvangarsnes