Nr 8 Fladalssetra i Bjørkedalen (TiTURmål 2005)

Nr 8 Fladalssetra i Bjørkedalen (TiTURmål 2005)

Den fyrste delen av turen oppover er noko bratt, men den går langs god skogsbilveg, så det er ingen grunn til å verte sitjande heime. Fladalssetra er truleg ei av dei eldste setrane i Volda kommune, og den er i alle høve frå 1500 talet. Fleire av sela som opphaveleg stod på setra, er diverre flytta. 

Larsselet står på Sunnmøre Museum, Pess-selet ligg nedpakka på Haualeitet i Volda. Anders-selet vart flytta fram på Helset-Nysetra, og vart bygt saman med selet der framme, og elles manglar fleire både fjøsar og sel. Likevel har Fladalssetra sitt særpreg, og eigarane av fjøsar og sel synest å vere opptekne av å a vare på det som er igjen av setra.

Tankane om ei større restaurering med oppattbygging av setra slik den ein gong var, har også sveva i lufta.Gardbrukarane i Nordre Bjørkedal, eller Nørdalen som vi seier, har nyst hatt ein felles aksjon for å rydde setrevollen på si side av bytet. Både Nordre Bjørkedal, gardsnr, 91 og Helset gardsnr 92 har seter her, og bytet går om lag midt etter setrevollen. Det var i om lag 14 dagar kvar haust at denne setra var i bruk.

Om lag ein halvtimes gåtur frå Fladalssetra og vidare framover dalen , kjem ein til Helset-Nysetra og Nørdals-Nysetra. Desse to ligg med berre 15 minutts gangavstand. Dei har begge namnet Nysetra då dei begge tidlegare låg lenger opp på fjellet, ved Børjevatnet. Uvisst av kva grunn var begge flytta til området der dei no ligg. Nørdals-Nysetra har rett nok vore flytta enno ein gong, men då berre om lag hundre meter i luftlinje.

Om sommaren var det på Nysetrane buskapen beitte og ein setra, men om hausten var turen til Fladalssetra fyrste etappe på vegen heim att til gards. Setrevollen vart slegen, men der var alltid noko beite som måtte nyttast før dyra vart flytta heim.

På to av fjøsane som står att syner hola i langveggen til ”bjønna-bommen”. For at bjørnen ikkje skulle slå inn fjøsdøra, brukte setrejentene å setje ein bom attfor døra. Denne var så lang at den kunne treast ut gjennom hola som var laga i kvar av langveggane. Det var likevel ikkje alltid dette vart sterkt nok, men setrejentene visste råd.