Om landbrukskontoret

Om landbrukskontoret

Kyr i Norangsdalen. Landbrukskontoret

Landbrukskontoret har ansvaret for den kommunale landbruksforvaltninga i Ørsta og Volda kommunar. Kontoret er organisatorisk lagt til Ørsta kommune som vertskommune under kommunalområdet Teknisk, eigedom og landbruk. 

Les vårt informasjonsskriv

Vi er førstelinekontakt mot bønder, skogeigarar, grunneigarar og næringsdrivande. Kontoret skal bidra til å gjennomføre den til ei kvar tid gjeldande mat- og landbrukspolitikken som Stortinget vedtek.  

Vi skal hjelpe til med å utvikle eit berekraftig og miljømessig godt drive landbruk. I tillegg til tenester som er knytt til landbruksnæringa skal vi og ta i vare interesser i høve ålmenta. Gjennom rettleiing, planlegging og sakshandsaming innan jord- og skogbruk er det ei måsetjing at forbrukarane vert sikra trygge matvarer av god kvalitet, produsert på ein forsvarleg måte. 

Overordna mål: Eit verdiskapande og mangfaldig landbruk i heile Møre og Romsdal, basert på berekraftig bruk av lokale ressursar. Les meir i Fylkesstrategi for landbruk i Møre og Romsdal.

Arealbarometer for Ørsta  Arealbarometer for Volda 

Politiske utval – for saker innan landbruk i Ørsta og Volda
Kjerneområde landbruk

Kontakt

Liv Bente Viddal
tenesteleiar
Børild Skåra
rådgjevar
Jan Endre Nesdal
rådgjevar
Oddhild Kalvatn
konsulent
Peder Magnussen
skogbruksansvarleg