Næringsutvikling

Næringsutvikling

Dei største næringane er per i dag dei tenesteytande innanfor offentleg og privat sektor.

Høgskulen i Volda (HVO) og sjukehuset i Volda er saman med kommunen dei største arbeidsgjevarane i Volda kommune.

I kommunen er det eit variert industrimiljø med verkstad-, trevare-, næringsmiddel- og teknoindustri. I Volda sentrum er det omlag 100 butikkar i ulike bransjar.

I tillegg til landbruk og tradisjonell industriproduksjon er Volda også stor på oppdrett, der fjordane og elvane gir naturlege føresetnader for denne næringa.

Kommunen driv ein aktiv næringspolitikk og dei seinare åra har ein merka ein auke i nyetableringar av kompetansebedrifter med utspring frå miljøet kring Høgskulen i Volda.

Eit aktivt og godt næringsliv er ikkje mogleg utan ein godt utbygd infrastruktur med gode velferdstenester. 

Nyttige nettsider