Reglar og strategi (innkjøpsstrategi)

Når kommunen skal gå til anskaffing av varer og tenester av eit visst omfang, er det ulike reglar som skal følgjast.

Volda kommune skal gjere sine innkjøp i samsvar med Lov om offentleg anskaffingar (LOA) og Forskrift om offentlege anskaffingar (FOA).

Volda kommune sin innkjøpsstrategi (PDF, 568 kB).

Føremålet med regelverket om offentlege anskaffingar er mellom anna å sikre konkurranse og sørgje for at det offentlege handsamar alle leverandørar likt.

Vurderinga av verdien avtalen vil ha, avgjer korleis konkurransen skal gjennomførast.

Her kan du sjå pågåande anskaffingar i Volda kommune.

Tabellen syner ei oversikt over forskrifta og når dei ulike delane av denne vil gjelde:

Tersklar i anskaffingsforskrifta
Del I (generelle vilkår) Del II (under EØS-terksel) Del III (over EØS-terskel) Del IV (Helse og sosialtenester)
Varer og tenester: 100.000 - 1,3 mill Varer og tenster: 1,3 - 2 mill Varer og tenester: Over 2 mill Helse- og sosialtenester: Over 6,95 mill
Bygg- og anlegg: 100.000 - 1,3 mill Bygg- og anlegg: 1,3 - 51 mill Bygg- og anlegg: Over 51 mill
Helse- og sosialtenester: Opp til 6,95 mill Særlege tenester: Frå 1,3 mill
Ingen kunngjeringsplikt Kunngjeringsplikt DOFFIN Kunngjeringsplikt DOFFIN og TED Kunngjeringsplikt DOFFIN og TED
Dokumentasjonsplikt Anskaffingsprotokoll Anskaffingsprotokoll Anskaffingsprotokoll
Skatteattest ved avtale med verdi over 500.000 kr Skatteattest + kan krevje eigenerklæring, jf. FOA § 8-10 Europeisk eigenerklæringsskjema (ESPD) Skatteattest + kan krevje eigenerklæring

I tillegg har forskrifta ein del V som gjeld plan- og designkonkurransar.

For gjentakande kjøp skal verdien av avtalen bereknast over 4 år, og dette vert avgjerande for kva del av forskrifta som gjer seg gjeldande.

For innkjøp med verdi under 100.000 kroner gjeld ikkje regelverket.

Volda kommune oppmodar om å lese tilbodsførespurnaden eller konkurransegrunnlaget nøye, og svare i samsvar med dette.

Kommunen har ikkje høve til å vurdere tilbod som ikkje vert levert etter oppgitt fristar, eller som ikkje svarar på tilbodsførespurnaden eller konkurransegrunnlaget.