Ansvarleg vertskap

Ein metode for ansvarleg alkoholhandtering er ein arena for godt samarbeid mellom kommune, bransjen og politi.

«Ansvarlig vertskap» er eit tiltak som tilbyr leiarar og tilsette på skjenkestadar og hotell kursing i tema som overskjenking, skjenking av mindreårige, samt å førebyggje rusrelatert vald og andre aktuelle områder.

Målet med kurset er at økt kompetanse hos tilsette og leiarar gjer det lettare å handle rett i vanskelige arbeidssituasjonar.

Obligatorisk for skjenkestadar

Ansvarlig Vertskap-prosjektet er eit ledd i eit nasjonalt kompetansehevingsprosjekt – sjå www.ansvarligvertskap.no

For skjenkestadane i Volda kommune er kurset obligatorisk. Det er sett som vilkår i alle vedtak om faste skjenkeløyve, at slikt kurs vert gjennomført så lenge kommune tilbyr slike kurs. 

"Det vert stilt vilkår jf § 4-3 om at den ansvarlege for skjenkestaden må ha gjennomgått kurs i ”ansvarleg vertskap” i løpet av første driftsår, så lenge kommunen tilbyr slike kurs jf. punkt 1.2.1 i ”Rusmiddelpolitisk plan for Volda kommune 2012 – 2016”."

Like viktig som sjølve kursa er at det vert danna ein arena for samarbeid.

Ansvarleg Vertskap er eit samarbeid mellom kommunane Hareid, Ulstein, Herøy, Sande, Vanylven, Volda og Ørsta, Politiet, bransjen, Kompetansesenter rus Midt-Norge og Helsedirektoratet.