Sal, servering og skjenking

Sal, servering og skjenking

Har du eit føretak og ønskjer å selje eller servere alkoholhaldig drikk? Då må du ha løyve til dette.

Kommunen handsamar søknadar om løyve som vert gitt dersom bestemte kriterie er oppfylt.

Tre typar løyve

  1. Serveringsløyve - gjeld alle som skal servere mat som skal nytast på staden.
  2. Salsløyve - gjeld føretak som skal selge alkohol gruppe 1.
  3. Skjenkeløyve - gjeld alle som skal skjenke alkohol som skal drikkast på staden, som t.d. restaurantar, pubar ol. For å få skjenkeløyve må ein også ha serveringsløyve. Ambulerande skjenkeløyve/enkelthøve høyrer òg til under her.

Nødvendige prøver

  • Etablerarprøve for styrar av serveringsstad - nødvendig for alle som skal vere dagleg leiar på stad som skal servere mat.
  • Kunnskapsprøve i alkohollova - nødvendig for styrar og stedfortredar på serveringsstad med skjenkerett og styrar og stedfortredar i føretak med løyve for sal av alkoholhaldig drikk. 

Kommunen står føre begge prøvane.

Du kan bestille læremateriell for etabelerarprøva hjå VINN. Dei kan kontaktast per telefon 76 96 72 00 eller e-post: firmapost@vinn.no.

Korleis søkje?

Søknad om sal, servering og skjenking må sendas inn søknad om til kommunen. Her finn du søknadsskjema:

Andre søknadsskjema finn du i Volda kommune sin skjemaportal.

E-guide for serveringsbransjen

Altinn har i samarbeid med Arbeidstilsynet laga ein elektronisk guide for å gjere det enklare for deg som vil starte serveringsverksemnd på lovleg vis.

Du finn denne E-guiden på Altinn si heimeside

Rundskriv til alkohollova (Helsedirektoratet)

Kontakt

Bente Engeseth
spesialkonsulent kommunikasjon
E-post
Mobil 93 28 80 32