Skatt

Skatt

Frå 1. november 2020 tok Skatteetaten over ansvaret for oppgåvene som skatteoppkrevjaren i kommunen har hatt.

Skatteetaten har fått eit heilskapeleg ansvar for fastsetting, innkrevjing og kontroll av skattar og avgifter.
Etter 1. november er det ikkje lenger skatteoppkrevjar (kemner) i kommunen.

Meir informasjon blir å finne på skatteetaten.no

Oppgåvene som er overført til Skatteetaten er mellom anna behandling av restskatt, skattepenger til gode, tilleggsforskot, forskotstrekk, arbeidsgivaravgift, motrekning og utleggstrekk knytte til skattekrav, skatteattestar og konto-/saldoutskrift for skatt og avgift.