Skattemelding

Skattemelding

Skattemeldinga dannar grunnlag for årets skatteoppgjer og blir sendt ut rundt månadskiftet mars/april.

Opplysingane i skattemeldinga er basert på opplysingar pr 31. desember for det aktuelle inntektsåret.

Dersom du ikkje har tillegg eller endringar å føre opp, treng du ikkje gjere noko med skattemeldinga du får tilsendt.

Har du derimot ført opp tillegg/endring på skattemeldinga, så er frist for levering av oppdatert skattemelding 30.april.

 

Kva kan Skatteetaten hjelpe meg med?

Du kan kontakte Skatteetaten dersom du har spørsmål knytt til at:

  • beløp for innbetalt forskottstrekk og forskottsskatt ikkje stemmer med dine oppgåver. Ta i så fall med kopi av lønnskvitteringer, eller anna dokumentasjon på betalt forskottsskatt/tilleggsforskott.
  • tilbakebetaling av skatt
  • betaling av restskatt
  • inntekt eller formue ikkje stemmer med dine notat/kopi av skattemeldinga
  • du meinar du har krav på, og ikkje har fått, særfrådrag og/eller andre frådrag
  • du har spørsmål om fastsett skatt