Onsdag 9. mars vert moglegheitsstudiet for indre sentrumssone i Volda presentert

Onsdag 9. mars vert moglegheitsstudiet for indre sentrumssone i Volda presentert

– Studien som no vert lagt fram viser moglegheiter for utvikling av Volda sentrum i framtida. Asplan Viak har i tett samarbeid med kommunen utarbeidd eit moglegheitsstudie, som viser to scenario for korleis Volda kan utvikle seg.  I møtet vil arkitekt Geir Egilsson presentere studien, etterfølgt av spørjerunde. Det vert vidare lagt opp til ein sofadebatt leia av ordføraren med representantar frå administrasjon og næringslivet.

Kommunen vil no ta med innbyggjarane på ein diskusjon rundt skissene i moglegheitsstudiet. Studiet er eit viktig grunnlagsdokument for utarbeiding av områdereguleringsplan for indre sentrumssone, som kommunen skal gå i gong med i 2022, seier ordføraren.

Korleis kan vi saman utvikle Volda til ein plass der både næringsliv, barn, unge og vaksne vil kome til og bli verande og trivast, undrast ordførar Sølvi Dimmen.

Møt opp på Samfunnshuset 9.mars, kl. 18.00.

Sjå film med invitasjon til ope møte:

Film: Ellen Taraldset, praksisstudent i Volda kommune