Stort engasjement for Moglegheitsstudiet

Stort engasjement for Moglegheitsstudiet

Mange tok turen til Volda Samfunnshus då Volda kommune inviterte til ope møte om Moglegheitsstudiet 10. mars

Mange tok turen da Volda kommune inviterte til ope møte om Moglegheitsstudiet Ellen Taraldset     

Ordførar Sølvi Dimmen opna møtet med å ynskje velkomen før ho overlet ordet til kommunalsjef Jarl Martin Møller. Han fortalde kort om bakgrunnen og rammene for arbeidet, om kor viktig det er å få fram dei ulike perspektiva og moglegheitene i utvikling av Volda sentrum har. Han presiserte at det ikkje blir sjåande slik ut som i studiet, men at han håpa studiet vil vere med å skape ein debatt på dei nye vala framover.

 

Presentasjon av Moglegheitsstudiet

Geir Egilsson frå Asplan Viak gav ein presentasjon av moglegheitsstudiet. Han fortalte at med moglegheitsstudiet ynskjer dei å vise at det er store moglegheiter for forbetring i Volda. Han viste dei to scenarioa dei har laga: medium og large, der medium scenario er forsiktig og dei prøvar å behalde og utnytte dagens bygg og bygge rundt det. Volda har mykje eldre bygg som skal bevarast, som til dømes kyrkja. Den skal ikkje byggast inne og den hovud kontakta med fjorden skal bevarast.

 

Medan dei i medium scenarioet har valt å ta vare på mykje av dei eksisterande bygga, har dei i large scenarioet turt å rive litt bygningar og bygge nytt. Dette har dei gjort for å vise kva ein kan få til med litt tøffare grep. Han presiserte at det er snakk om å lande på ein plass midt mellom. Ved Coop bygget ser dei at skal ein bygge høgt og kompakt, må det gjerast her for å ikkje øydelegge for så mange andre rundt. Han legg til at dei ikkje har tatt ansvar om det er mogleg å bygge ut her, utan at det rasar ut, og at dette kun er idear.

 

Han legg til at Volda ikkje har ein vekst som gjer at det kan byggast mykje på kort tid, men heller ta det forsiktig så ein har økonomi til å bygge med kvalitet, og at Volda kanskje ikkje har same marknaden for høge bygg som i større byar.

Arkitekt Geir Egilsson frå Asplan Viak presenter Moglegheitsstudiet Ellen Taraldset  

Har brukt typologiar for å vise volum og størrelse

Asplan Viak har brukt typologiar av forskjellege typar hus dei kan bruke i modellen. I sentrum tenkjer han at det kan byggast ein høg første etasje. Dette på bakgrunn av at dei fleste daglegvare og moderne butikkar treng lager og ønsker høgde i lokala, medan det oppover etasjane er lagt inn 3,5 meter høgde då fleire bustadar og kontor ofte ynskjer større takhøgder enn dei vanlege 2,40 meter. Bygga som er lagt inn er kun for å vise volum og struktur, og ikkje minst for å gje ein følelse av heilheita. Han presisera nok ein gong at det ikkje vil bli sjåande slik ut.

 

Eksempel frå andre stadar

Til slutt viste Geir bilete av andre tettstadar som har jobba aktivt med utviklinga. Han viste til Brumunddal som har valt å bruke ressursar mest mogleg aktivt når den nye E6 blei flytta ut av sentrum. Då valte dei å bygge ein park ved Mjøsa som dei har brukt nærare 200 millionar på. Her har det vorte støypt betong langs sjøkanten, planta mange tre og sett opp fleire benkar. Dette har blitt eit område som er veldig populært blant innbyggarane. Han fortalte og at kummunedirektøren i Brumunddal sa at skulle det skje ei utvikling for å skape ein plass der folk ynskje å flytte til, samt ha eit næringsliv som ynskja å vere der, må ein bruke pengar for å skape ein plass folket ynskjer å kome til.

 

Han drog fram Ringebu og Vinstra som to eksemplar på stadar som har valt forskjelleg. I Ringebu har dei valt å skape eit sentrumsmiljø som er attraktivt særleg for dei mange hytteeigarane i området. Her har dei fått inn slaktar, kafé og kaffibar og dei har fylt gatene med kunstverk og her er eit yrande liv i sentrum. I Vinstra valte dei å bygge ny næringspark ved den nye E6. Her er sentrum så å seie dødt, men ved den nye næringsparken er det mykje folk.

Bilete frå parken Brumunddal kommune har laga ved Mjøsa Asplan Viak   

Spørsmål frå salen

Det kom fleire spørsmål frå salen som Geir svarte på etter han var ferdig å fortelje om studiet. På spørsmål om det var tatt til grunn folketalprognosar var svaret: - Noreg er på veg inn i ein flat kurve i vekst med mange eldre. Mange av dei ynskjer gjerne å flytte frå store hus til noko som er meir sentralt og mindre, og dermed vil det bli frigjort hus som kan brukast av barnefamiliar.

 

Mange var urolege for kva av dei eldre trehusa som vil forsvinne, og at det er ynskje om eit triveleg sentrum å vere og bevege seg i utan den store biltrafikken. Her svara Egilsson at det meste av dei eldre trehusa ikkje vil forsvinne, men at det er spesielt i området rundt Spinneriet og Coop dei har lagt inn som aktuelle stadar å rive og bygge nytt. Når det gjeld biltrafikken rundt Hamnegata seier han det kan gjerast tiltak som gjer det mogleg å køyre bil, men at det ikkje skal vere attraktivt å køyre akkurat her, men at det også gjev rom for at bussen kan køyre i gatene.

 

Bygge rundt trehusbebyggelsen

Etter Geir Egilsson hadde fortalt om studiet vart det ei kort pause før vi fekk ein sofadebatt. Denne vart leia av ordføraren og bestod av: kommunedirektør Rune Sjurgard, Jon Heltne frå Volda Næringsforum og Spinneriet kjøpesenter, Karl Erik Rønnestad frå Cubus og Geir Egilsson frå Asplan Viak

 

Alle i panelet var einige om at Volda treng areal for å kunne utvikle og drive noko i sentrum og at Volda har eit stort potensiale til å kunne bli regionsentrum på Søre Sunnmøre sidan Volda har tilknyting til både indre Nordfjord og ytre Søre, og for å få til dette er samarbeid viktig. Når det gjeld å få liv i dei gamle trehusa var både Jon Heltne og Karl Erik Rønnestad  einige i at ved å aktivisere begge sidene av området med dei gamle trehusa vil vere med på å skape meir liv i heile sentrum.

Sofadebatt under leiing av ordførar Sølvi Dimmen, Karl Erik Rønnestad (Cubus), Geir Egilsson (Asplan Viak) Jon Heltne (Volda Næringsforum) og kommunedirektør Rune Sjurgard. Ellen Taraldset  

Planen vidare

Kommunalsjef Jan Martin Møller fekk æra av å avslutte møtet med å fortelje om vegen vidare. Han opplyste at det viktigaste i starten av eit slikt prosjekt er å ha eit godt kunnskapsgrunnlag å legge i botne. Asplan Viak har bidratt med analyse og vise moglegheiter for å skape ein debatt. Kommunen held på å utarbeide eit planprogram som forhåpentlegvis skal vere ferdig første halvdel av 2022. Etter dette startar reguleringsprosessen som forhåpentlegvis skal vere ferdig rundt årsskifte 2023/24.

 

-Det er mange meiningar under regulering, så ting tar tid. Ønska du ein dialog, så ta kontakt med oss. Døra vår er open 

 

Informasjon om studiet og lenke til kartforteljinga finn du her