Kranselag for nye Volda ungdomsskule

Kranselag for nye Volda ungdomsskule

Bilete av Steinar Kilen og Siri Birkeland Solheim framføre den nye ungdomsskulen som no har fått tett bygg. - Klikk for stort bilete Volda kommune

Tysdag 11. oktober vart tett hus feira med kranselag. Her ser vi noverande prosjektleiar, Steinar Kilen, saman med tidlegare prosjektleiar, Siri Birkeland Solheim, som er ute i permisjon.

Prosjektleiar, Steinar Kilen, frå Volda kommune, inviterte til kranselag i samband med at vi nærmar oss tett hus på nye Volda ungdomsskule. Det vart dekt langbord i 2. etasje og servert kake, kaffi og brus.

– Det har vore litt utfordingar med mellom anna vareleveransar som har vore forsinka, men no har vi endeleg fått tett hus og kan feire med kranselag, sa Steinar Kilen då han ynskte velkomen.

– Takk for arbeidet så langt, dette her er veldig gledeleg å få kome og sjå, heldt ordførar Sølvi Dimmen fram.  Ungdomsskule i Volda har stått på ønskelista vår så lenge eg kan klare å huske. No er det ein realitet. Eg ser at her er gode kvalitetar, og dei kvalitetane som ein har likt ved den gamle skulen, dei ser eg igjen her, med aulaen og altanen oppe med overlyset. Veldig bra! Dette fortener ungdomen i Volda og dette fortener lærerane. Tusen takk! Vi gler oss til det blir heilt ferdig.

I 2. etasje, der hovudinngangen er, vert det resepsjon, bibliotek, kjøkken med disk for kioskutsal, klasserom for mat og helse, naturfag og musikk. I tillegg vert det amfi og arbeidsrom for tilsette og lærarar. I fellesarealet i midten av bygget skal det vere plass til at alle kan samlast.

Siri Birkeland Solheim fortel at det har vore ein del forseinkingar med vareleveransen. Særleg var det problem å få isolasjonsmateriale, og bygging av taket måtte vente ei stund. Dette løyste dei ved å starte på andre oppgåver, slik at tidskjemaet er i rute, seier ho.

– Det er planlagt prøvedrift frå 1. april. Då skal vi få inn møblar, skjermar og anna utstyr. Elevane og tilsett skal først ta i bruk skulen i august 2023, ved oppstart av nytt skuleår, seier Siri Birkeland Solheim.

I eine hjørnet av 2. etasje skal biblioteket vere. Det vert glasveggar rundt heile biblioteket, også innvendig mot fellesarealet. Oppe i 3. etasje skal det vere ordinære klasserom.

Bilete av F.v.: Sigbjørn Eidheim, anleggsleiar i Volda maskin som er underentreprenør. Jan Gryttingslien, anleggsleiar Åsen & Øvrelid AS, Joakim Olset, anleggsleiar Åsen & Øvrelid AS saman med prosjektleiar Torjus Nordheim frå Åsen & Øvrelid AS som er totalentreprenør. Dei står inne i bygget som skal bli ny Volda ungdomsskule. Dei har på seg arbeidsklede med signalfargar og refleks og hjelm på hovudet. - Klikk for stort bileteF.v.: Sigbjørn Eidheim, anleggsleiar i Volda maskin som er underentreprenør. Jan Gryttingslien, anleggsleiar Åsen & Øvrelid AS, Joakim Olset, anleggsleiar Åsen & Øvrelid AS saman med prosjektleiar Torjus Nordheim frå Åsen & Øvrelid AS som er totalentreprenør. Volda kommune