Heilskapleg innsatstrapp og bustadtrapp – Oppstart av prosjektarbeid - Volda kommune

Heilskapleg innsatstrapp og bustadtrapp – Oppstart av prosjektarbeid

Heilskapleg innsatstrapp og bustadtrapp – Oppstart av prosjektarbeid

Agenda Kaupang er engasjert i arbeidet med å hjelpe Volda kommune med å utarbeide ei heilskapleg innsatstrapp og bustadtrapp for kommunen. Innsatstrapp og bustadtrapp er modellar som viser tenestilbodet i Volda kommune og kva grad av inngripen dei har i innbyggarane sine liv. Tenestene og bustadane blir delt inn på ulike trappetrinn, frå aktivitetar/tenester som er helsefremjande, skapar trivsel og er førebyggande på dei lågaste trinna, opp til omfattande tenester med høg ressursbruk, som institusjonsplassar, på dei høgste trinna. Ved å utarbeide heilskaplege trapper for Volda kommune er målet at vi skal få eit rammeverk som fungerer som eit styringsverktøy som viser samanheng mellom økonomi, tenestilbod og bustadpolitikk. Dette rammeverket skal gi grunnlag for strategiske prioriteringar i budsjett og planarbeid frå og med 2027.

Det er planlagt gjennomført fleire samlingar i arbeidet med utvikling av trappene, føremålet med samlingane er:

Plakat der måla står lista opp - Klikk for stort bilete Plakat

 

Arbeidsgruppa for heilskapleg innsatstrapp i Volda kommune hadde første samling i arbeidet 7. november 2025. 

I forkant av samlinga fekk deltakarane tilsendt eit utkast til innstastrappa for Volda kommune, ei 70%-trapp som var utarbeida av ei arbeidsgruppe. 70%-trappa vart brukt som grunnlag i første samling og som utgangspunkt for gruppearbeid på samlinga.

Målet for første samlinga var:

  • Bli kjende med heilskapleg innsatstrapp som felles rammeverk for utvikling i heile kommunen
  • Felles heilheitleg bilete av kva tenester innbyggjarane i kommunen har tilgang på i dag
  • Kvalitetssikre utkast til heilskapleg innsatstrapp per i dag (70%-trappa) – har vi fått med alt?
  • Innsikt i utfordringsbilete og kva som driv kostnadar i dag – fordeling i innsatstrappa
  • Starte å sjå framover – drøfte konkrete forslag til tiltak og kva vi skal gjere mindre av og kva vi skal gjere meir av. Korleis bør innsatstrappa nyttast i praksis?

 

Oppstartsmøte 10. desember

10. desember skal første utviklingssamlinga for prosjektgruppa vere. Der vil metodikken og arbeidet vil bli presentert, og det vil vere gruppearbeid.