Erlend Sporstøl Vikestrand
Som ein del av arbeidet med ny områdeplan for indre sentrumsone i Volda, inviterer Volda kommune innbyggjarane til å svare på ei digital spørjeundersøking om stadidentitet og kvalitetar i det fysiske nærmiljøet i sentrum. Undersøkinga vil gi viktig kunnskap til det vidare planarbeidet med områdeplanen.
Kvifor ei spørjeundersøking?
For å skape eit sentrum som speglar behova og ønskja til dei som bur og lever i Volda, er det viktig å få innspel frå innbyggjarane. Spørjeundersøkinga er ein del av kunnskapsgrunnlaget som skal liggje til grunn for områdeplanen.
Kva handlar spørjeundersøkinga om?
Du blir spurd om korleis du opplever sentrum i dag, kva stader du bruker, kva som er viktig for stadidentitet og tryggleikskjensle, og kva du meiner bør bli betre. Undersøkinga tek om lag 15–20 minutt å gjennomføre, og svara dine vil vere med på å forme framtidas Volda.
Planområdet omfattar om lag 700 dekar, og samsvarer i stor grad med den indre sentrumssona i kommunedelplanen for tidlegare Volda kommune. Området strekkjer seg frå ferjekaia ved Vikeneset i nord, opp Smithsgata og vidare opp Storgata frå Kyrkjegata, via rundkøyringa ved Engesetvegen langs Porsemyrvegen til og med Volda ungdomsskule, deretter ned Elvegata, inkludert Prestegarden, Brunvoll og hamneområdet i sør.
Volda kommune
Kven kan delta?
Alle som bur i Volda eller har tilknyting til sentrum, er velkomne til å delta. Vi ønskjer innspel frå både unge og eldre, familiar, studentar, næringsdrivande og andre som har ei meining om korleis sentrum bør utviklast.
Slik deltek du:
Klikk på lenka under for å gå til spørjeundersøkinga:
Delta her: https://forms.office.com/e/1Reth0D4ia
Frist for å svare er måndag 20. oktober 2025.
Takk for at du bidreg!