Volda opne barnehage

Volda opne barnehage

Under kan du lese informasjon frå den private barnehagen:

Velkommen til Volda opne barnehage

Du finn oss i lokala til Volda Frikyrkje, rett bak Bratteberg skule.

Opningstida vår er kvar onsdag mellom 9.30 - 15.30.

Kva er Volda opne barnehage

Som open barnehage skil vi oss frå ein vanlige barnehage ved at ein ikkje får tildelt plass, men ein kan kome og gå som ein sjølv vil, innanfor barnehagen si opningstid.

Barna må vere i barnehagen saman med foreldra eller andre vaksenpersonar. Desse har ansvar for borna medan dei er i barnehagen.

Sidan foreldra, eller andre vaksne, er saman med borna er barnehagen like mykje ein møtestad for vaksne.

Vi er eit leiketilbod for barn i alderen 0-6 år

Barnehagetilbodet er gratis. Lunchen kostar  kr 20,- pr familie

Bruken av open barnehage har ingen innverknad på utbetaling av ev. kontantstøtte

Barnehagen er eigd av Volda Frikyrkje, og har utvida kristen formålsparagraf

Vi fyl skuleruta og held stengd når skulen er stengd.

Barnehagen har to tilsette: 

Kjell Petter Wiik er tilsett som styrar, pedagogisk leiar  og er ansvarleg på kjøkenet.

Han er utdanna førskulelærar frå Høgskulen i Oslo og har  jobba 15 år i ordinære barnehagar. Han jobbar også som kontorleiar i Volda Frikyrkje og som miljøterapeut på Sunnmørsheimen. Han er far til 3 born.

Kristina Heltne er tilsett som pedagog.

Ho er utdanna allmennlærar frå Høgskulen i Volda og har vore heimeverande med eigne barn i fleire år. Kristina har spesielle interesser innan forming og historiefortelling.  Ho er mor til 3 born.

Dagsrytma vår

  • 09.30 Barnehagen opnar – Frileik
  • 11.00 Songstund
  • 11.30 Lunch
  • 12.30 Formingsaktivitetar
  • 13.30 Fruktmåltid
  • 15.00 Ryddetid
  • 15.30 Barnehagen stenger

Er det noko du lurer på, ta gjerne kontakt:

E-post: volda.opne.barnehage@gmail.com

Mobil: 90 17 72 97

Heimeside: www.voldafrikyrkje.com/barnehage

Aktuell informasjon legg vi ut på Facebooksida vår

På Facebooksida vår ligg det og mange bilete av formingstinga borna har laga

Kom gjerne innom for ein titt om du lurer på kva open barnehage er for noko

 

Kjell Petter Wiik

Styrar