Barnehagemynde sitt mandat
Kommunen skal gi rettleiing og sjå til at barnehagesektoren i Volda kommune vert drive i samsvar med gjeldande regelverk jf. barnehagelova § 10. Vidare skal ein føre tilsyn med alle barnehagane jf. barnehagelova § 53. Barnehagemynde kan pålegge eigar å rette opp uforsvarlege eller ulovlige forhold.
Barnehagen sitt samfunnsmandat er regulert i Lov om barnehagar med forskrifter.
Kva skal eg gjere før eg sender inn klage
Før du sender inn klage/ei uro bør du ta opp med pedagogisk leiar og/eller styrar det du ikkje er nøgd med. Det å løyse ei sak på lågast mogleg nivå er best for alle partar. De kan også ta opp generelle problemstillingar med FAU (Foreldrearbeidsutvalet) og/eller SU (Samarbeidsutvalet).
Korleis klage på tilbodet
Du kan klage eller sende ei melding ved å nytte elektronisk e-dialog. Innhaldet i klagen/uroa di vil bi formidla til barnehagen når barnehagemynde undersøkjer saka. Dersom du ønsker at namn og opplysningar skal vere anonymt, må dette kome tydeleg fram i meldinga.mE-post skal ikkje innehalde sensitiv opplysningar, og vi ønsker difor at alle skal nytte klageskjemaet.
Har du spørsmål knytt til å fylle ut klageskjema, ta kontakt med barnehageavdelinga.
Kva skjer med klagen min
Saksgangen følgjer forvaltningslova sine prinsipp.Dersom klagen inneheld opplysningar som er sensitive, vil saken bli unntatt offentlegheita. Dette hindrar ikkje at saka kan kome i media, men all sensitiv informasjon blir fjerna.
Skulle barnehagemynde vurdere å føre tilsyn med bakgrunn i meldinga, har barnehagen som part i saka rett til å bli gjort kjent med klagen sitt innhald. Etter at tilsynet er gjennomført vil barnehagen få ein rapport. Blir det avdekka brot på barnehagelova og føreskrifter, vil barnehagen få ein frist til å rette opp eventuelle avvik. Melding om avvik har klagerett. Kommunen har plikt til å følgje opp avviket. Du som klager vil bli orientert om utfallet i saka.