Dalsfjord skule

Dalsfjord skule

  

Om Dalsfjord skule

Dalsfjord skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule som ligg vakkert til mellom fjord og fjell i Dalsfjorden.

Skulebygget er nytt og moderne med fine klasserom, velutstyrte spesialrom, gymsal, symjebasseng og amfi.

Skulekrinsen strekker seg frå Steinsvik i sør til Velsvik i nord. Skulen har eit stort uteområde med leikeapparat, basketbane, grusbane, kunstgrasbane og skulehage. Vi deler bygg med Dalsfjord fyrmuseum, og nærleiken til fjorden og fjøra og den rike fyrbyggarhistoria til Dalsfjorden gir skulemiljøet eit maritimt preg.

Vi nyttar naturen rundt oss aktivt i skulekvardagen slik at elevane skal verte kjend med og respektere naturen og nærmiljøet. 

Alle elevane disponerer iPadar i barneskulen og Chromebooks i ungdomsskulen. 

Skulefritidsordning

Ved Dalsfjord skule er det moglegheiter for SFO. Her kan du lese meir om SFO i Volda kommune.

Har du ytterlegare spørsmål om SFO, kan du ta kontakt med rektor (sjå kontakinformasjon under).

Kontakt oss

Rektor Per Erling Sætre
Telefon: 70 05 50 64
Mobil: 97 53 06 23
E-post: rektor.dalsfjord@voldaskulen.no

Besøksadresse

Dalsfjordvegen 603
6133 Lauvstad