Når fråvær uroar oss

Når fråvær uroar oss

Stort skulefråvær er ein problematikk som kan få alvorlege konsekvensar for elevar og familiane deira. Ikkje berre fører fråværet til at eleven går glipp av fagleg kunnskap, men det fører også til at eleven mister verdifull sosial trening og tilhøyra i jamnaldergruppa.

Fråvær frå skule og opplæring kan på lang sikt redusere elevar si moglegheit til å bli ein aktiv og produktiv deltakar i samfunnet.

Årsakene til skulefråværet er ofte samansette og svært kompliserte, der fleire ulike faktorar påverkar kvarandre gjensidig. Intervensjon og tiltak bør difor vere basert på ei grundig kartlegging av eleven sitt skulemiljø, eleven og eleven si familie og deira hjelpebehov.

Forsking viser at tidlig og tverrfaglig intervensjon aukar moglegheita for raskt tilbakeføring. Skulen er en sentral aktør i arbeidet rundt urovekkande skulefråvær, både i forhold til enkeltelevar og i det førebyggande arbeidet. Fordi nettopp tverrfaglig intervensjon er så viktig i dette arbeidet, har vi arbeida tverrfagleg for å utarbeide denne interne rettleiaren. Gruppa har vore samansett av kontaktlærar, helsesøster, kommunepsykolog, miljøarbeidar, miljøterapeut og assisterande oppvekstsjef.

Intern rettleiar for skulane i Volda kommune, "Når fråvær uroar" (PDF, 226 kB)

Kontakt

Håvard Strand
konst. avdelingsleiar skule
E-post
Telefon 70 05 88 74
Mobil 91 34 16 95