Rutinar for heimeopplæring

Rutinar for heimeopplæring

Rett og plikt til opplæring

Opplæringslova sin § 2-1, første ledd, seier at "Barn og unge har plikt til grunnskoleopplæring, og rett til ein offentleg grunnskoleopplæring i samsvar med denne lova og tilhøyrande forskrifter. Plikten kan ivaretakast gjennom offentleg grunnskoleopplæring eller gjennom anna, tilsvarande opplæring." Lenke til heile § 2-1

Retten til opplæring skal oppfyllast så raskt som mogleg og seinast innan tre månader.

Heimeopplæring kan vere eit døme på "anna, tilsvarande opplæring"

Kommunal rutine for heimeopplæring

Kommunen har etter § 14-3 i opplæringslova tilsynsansvar der føresette vel heimeopplæring. Kommunen sine rutinar for dette kan ein lese meir om her (PDF, 398 kB)

Føresette som vel heimeopplæring kan når som helst be om at barna sine vert teken inn i skulen. Kommunen kan og gjere vedtak om at barna skal gå på skule, dersom ein vurderer at opplæringa som vert gitt ikkje er "tilsvarande" eller tilfredsstillande etter lov og forskrift. Dersom kommunen vurderer det, gjer kommunen enkeltvedtak. Dette vedtaket kan etter vanlege, forvaltningsmessige reglar påklagast. Statsforvaltaren i Møre og Romsdal er endeleg klageinstans.