Pris og moderasjon for plass i SFO

Pris og moderasjon for plass i SFO

Kommunestyret har vedteke nye satsar, og frå 01.01.2025 var det endring i pris for plass. I tillegg vert det endring i pris for matpengar frå 01.08.2025

Pris for plass i SFO 2025

Pris for plass i SFO 2025
Plasstype Pris for plass Matpengar frå 01.08.2025
SFO 2 dagar pr veke 1681 102
SFO 3 dagar pr veke 2524 152
SFO 4 dagar pr veke 3361 202
SFO 5 dagar pr veke 4200 254

Enkelttimesatsen for alle skulefritidsordningane vert sett til kr 135,-.

Der det er eit særleg behov for utvida opningstid grunna ferjetider, kan slikt tilbod bli gitt. Ekstra tid utover opningstida vert fakturert pr. barn.

Generell informasjon om SFO finn ein her (udir.no).

Gratis kjernetid i SFO for alle elevar på 1., 2. og 3. årstrinn

Alle elevar på 1. , 2., og 3 årstrinn med plass i SFO, får 12 timar gratis SFO per veke.

Gratis kjernetid er uavhengig av plasstype.

 

Moderasjon i SFO

Moderasjonsordningar
  • Syskenmoderasjon
  • Redusert foreldrebetaling for husstandar med lav inntekt 1. - 4. trinn
  • 12 timar gratis SFO for elevar på 1., 2. og 3. trinn
  • Gratis SFO for barn med særskilde behov på 5.-7. trinn
Syskenmoderasjon

Syskenmoderasjon gjeld for plass i SFO innanfor Volda kommune.

Syskenmoderasjon vert gitt etter følgjande fordeling:

  • for barn nummer to: 30 %
  • for barn nummer tre: 50 %

Det vert ikkje gitt syskenmoderasjon mellom barnehage og SFO.

Redusert foreldrebetaling for husstandar med lav inntekt

Ingen hushald betale meir enn 6 % av inntekta si for ein SFO plass for barn på 1.-4. trinn. 

Ein kan søke heile året. Vedtak om redusert foreldrebetaling gjeld frå første heile månad etter at søknad med nødvendig dokumentasjon er registrert.

Føresette må sende ny søknad via Vigilo foreldreportal for kvart skuleår, med ny dokumentasjon for inntekt.

Redusert foreldrebetaling gjeld berre opphald. Matpengar kjem i tillegg.

Søknad om redusert foreldrebetaling, skal handsamast av den kommunen som barnet er folkeregistrert i. 

Gratis kjernetid for elevar på 1., 2. og 3.trinn med plass i SFO

Alle elevar på 1., 2. og 3. trinn med plass i SFO, får 12 timar gratis SFO per veke.

Informasjon om endringa finn ein her: Moderasjonsordningar i SFO

Gratis SFO for barn med særskilde behov på 5.-7 trinn

Kommunen skal ha eit tilbod om skulefritidsordning for barn med særskilde behov på 1.–7. trinn, jf. opplæringslova § 13-7 første ledd. Tilbodet på 5.–7. trinn skal vere gratis. Kommunen kan likevel krevje betaling for kost.

Volda kommune sine vedtekter for SFO § 9 seier:

Kommunen skal ha eit tilbod om skulefritidsordning før og etter skuletid for born med særskilde behov på 1.-7. trinn.

Omgrepet born med særskilde behov vert definert som barn med store og omfattande hjelpebehov, dvs. varige funksjonsnedsettingar som medfører omfattande og vedvarande behov for bistand.

Krav til dokumentasjon

Ved søknad om redusert foreldrebetaling, henter vi automatisk hushaldninga si inntekt frå Skatteetaten. 

Dersom hushaldninga har hatt varig nedgang i inntekt, må de legge fram anna gyldig dokumentasjon som t.d.:

  • Vedtak frå NAV
  • Dokumentasjon frå arbeidsgivar som viser vesentlig endring i lønn
  • Siste lønnsslipp

NB! Det er viktig at all skattbar inntekt er med.  Søknaden vert ikkje handsama før dokumentasjon på lønn/inntekt ligg føre.

Handsaming

Søknad sendast inn via Vigilo foreldreportal. 

For søknadar sendt innan 31.07, vil vedtaket gjelde for eit skuleår. Søknadar som kjem etter 01.08 vert handsama fortløpande, med vedtak som gjeld frå og med den første heile månaden etter søknadstidspunktet. Dokumentasjon må då vere levert i lag med søknaden. Søknad utan dokumentasjon vert ikkje handsama.