Pris og moderasjon for plass i SFO

Pris og moderasjon for plass i SFO

Frå 01.08.2023 er dette prisane for plass i SFO:

Frå 01.08.2023 er dette prisane for plass i SFO:
Dagar Pris Matpengar
2 dagar pr veke 1 346,- 92,-
3 dagar pr veke 2 020,- 138,-
4 dagar pr veke 2 690,- 184,-
5 dagar pr veke 3 364,- 230,-

Frå 01.08.2024 er dette prisane for plass i SFO

Frå 01.08.2024 er dette prisane for plass i SFO
Dagar Pris Matpengar
2 dagar pr veke 1413 97
3 dagar pr veke 2121 145
4 dagar pr veke 2825 193
5 dagar pr veke 3533 241

Enkelttimesatsen for alle skulefritidsordningane vert sett til kr 135,-.

Der det er eit særleg behov for utvida opningstid grunna ferjetider, kan slikt tilbod bli gitt. Ekstra tid utover opningstida vert fakturert pr. barn.

Generell informasjon om SFO finn ein her (udir.no).

Gratis kjernetid i SFO for alle elevar på 1.trinn og 2.trinn

Alle elevar på 1. og 2. årstrinn med plass i SFO, får 12 timar gratis SFO per veke. Dette gjeld også for elevar på 3.trinn frå og med skuleåret 2024/2025. 

Gratis kjernetid er uavhengig av plasstype.

Gratis kjernetid i SFO vert og gjeldande for elevar på 3.trinn frå hausten 2024.

 

Moderasjon i SFO

Moderasjonsordningar
  • Syskenmoderasjon
  • Redusert foreldrebetaling for husstandar med lav inntekt 1.-4 trinn
  • Gratis SFO for barn med særskilde behov på 5.-7. trinn
  • 12 timar gratis SFO for elevar på 1. og 2. trinn (frå 01.08.2024 gjeld dette også 3.trinn)
Syskenmoderasjon

Syskenmoderasjon gjeld for plass i SFO innanfor Volda kommune.

Syskenmoderasjon vert gitt etter følgjande fordeling:

  • for barn nummer to: 30 %
  • for barn nummer tre: 50 %

Det vert ikkje gitt syskenmoderasjon mellom barnehage og SFO.

Redusert foreldrebetaling for husstandar med lav inntekt

Ingen hushald betale meir enn 6 % av inntekta si for ein SFO plass for barn på 1.-4. trinn. 

Ein kan søke heile året. Vedtak om redusert foreldrebetaling gjeld frå første heile månad etter at søknad med nødvendig dokumentasjon er registrert.

Føresette må sende ny søknad for kvart skuleår, med ny dokumentasjon for inntekt.

Betaling for kost kjem i tillegg.

Søknad om redusert foreldrebetaling, skal handsamast av den kommunen som barnet er folkeregistrert i. 

Gratis SFO for barn med særskilde behov på 5.-7 trinn

Kommunen skal ha eit tilbod om skulefritidsordning for barn med særskilde behov på 1.–7. trinn, jf. opplæringslova § 13-7 første ledd. Tilbodet på 5.–7. trinn skal vere gratis. Kommunen kan likevel krevje betaling for kost.

Volda kommune sine vedtekter for SFO § 9 seier:

Kommunen skal ha eit tilbod om skulefritidsordning før og etter skuletid for born med særskilde behov på 1.-7. trinn.

Omgrepet born med særskilde behov vert definert som barn med store og omfattande hjelpebehov, dvs. varige funksjonsnedsettingar som medfører omfattande og vedvarande behov for bistand.

Gratis kjernetid for elevar på 1. og 2.trinn med plass i SFO

Alle elevar på 1. og 2. trinn med plass i SFO, skal få 12 timer gratis SFO per veke. Dette gjeld også for elevar på 3. trinn frå og med skuleåret 2024/2025.

Informasjon om endringa finn ein her: Moderasjonsordningar i SFO