Redusert foreldrebetaling i SFO

Redusert foreldrebetaling i SFO

Redusert foreldrebetaling i SFO

Ingen husstand skal betale meir enn 6% av den årlege inntekta si for ein SFO plass for barn på 1.-4. årstrinn. Dersom den årlege summen for SFO utgjer meir enn 6% av den årlege inntekta til husstanden, kan de søkje om redusert foreldrebetaling. 

Det er kommunen der barnet er folkeregistrert som skal handsame søknad om redusert foreldrebetaling.

Det er ingen frist for å søke. Vedtak om redusert foreldrebetaling/gratis SFO gjeld frå første heile månad etter at søknad med nødvendig dokumentasjon er registrert, og ut skuleåret.

Føresette må difor sende ny søknad kvart skuleår, med ny dokumentasjon for inntekt.

Søk om redusert foreldrebetaling i SFO