Plass i SFO

Plass i SFO

Kva er SFO?

Skulefritidsordning (SFO) er eit frivillig omsorgs- og fritidstilbod for elevar i 1.-4. årstrinn, og for elevar med særkilde behov til og med 7. årstrinn.

Tilbodet skal vere tufta på same verdiar som barnehagane og skulane i Volda. Barna sine behov for leik, kulturaktivitetar, omsorg og sosial læring må vere kjernen i innhaldet for tilbodet.

Kommunen har i dag seks skulefritidstilbod, og i alt er det om lag 250 barn i skulefritidsordningane.

Kva er opningstidene?

Den daglege opningstida vert tilpassa timeplanen ved kvar enkelt skule.

Skulefritidsordningane i sentrum (Bratteberg og Øyra) held ope kvardagar med følgjande unntak:

  • 3 veker om sommaren
  • jule-og nyttårsaftan og onsdag før skjærtorsdag
  • 5 planleggingsdagar pr. år

Bratteberg og Øyra har delvis ferieope, med unntak av studie- og planleggingsdagar. Timane vert komprimerte, og opningstida vert tilpassa den einskilde skule. Påmelde til sommar-SFO kan nytte ferietilbodet i høve plasstorleik. Dersom det er behov for fleire timar, kan dette kjøpast ekstra.

Føresette vil i god tid kvart år få informasjon om kva dagar og veker skulefritidsordningane i sentrum er stengt.

I feriar når det er færre barn til stades, samarbeider skulefritidsordningane i sentrum om å halde ope. Føresette betalar for 11 månader pr. år.

Dei andre skulefritidsordningane (Mork, Hornindal. Folkestad og Dalsfjord) følgjer skuleåret som normalordning. Føresette betalar for 10 månadar pr. år.

Plass i SFO

Om du ønske plass i SFO, sender du søknad via Foreldreportalen i Vigilo. Foreldreportalen er tilgjengeleg både på PC, nettbrett og smarttelefon.

Lenke til foreldreportalen

Føresette til nye 1.klassingar vil kunne søke om SFO plass, når barnet er tildelt klasse ved skulen. Foreldre vil da få tilgang til kommunikasjon via Vigilo og foreldreportalen. 

Meir informasjon om Vigilo finn de her: Kom i gang med Vigilo som forelder.

Dersom det er spørsmål om plass i SFO før oppstart av nytt skuleår, ta direkte kontakt med skulen.

Søke om plass/ endre plasstype i SFO

Ved søknad om plass i SFO, kryss av for kva plasstype og dagar/morgonar du ynskjer i søknaden.

Dersom du ynskjer å endre plasstypen, sender du inn søknad på same måte. Barnet fortsett i plassen ein har, til søknad om ny plasstype er handsama og tildelt.

NB! Hugs å registrere mobilnummer og e-post adresse i søknaden.

Dette for å sikre registrering av naudsynte opplysningar og at de får melding med tilbod om plass, så snart søknaden er handsama.

Søknad om plass i SFO

Føresette til nye 1.klassingar vil kunne søke om SFO plass, når barnet er tildelt klasse ved skulen. Foreldre vil da få tilgang til kommunikasjon via Vigilo og foreldreportalen. 

Ynskjer du at ditt barn skal starte i SFO ved skulestart, er søknadsfristen 15. april. 

Du treng ikkje å søkje kvart år. Når barnet har fått plass, gjeld tildelinga til barnet er ferdig i 4.klasse.

Om du er folkeregistrert i ein annan kommune eller ikkje får ID-porten til å fungere, kan du søke om SFO-plass her.

Stadfeste SFO plass

Dersom føresette har registrert mobilnummer i søknaden, vil ein få SMS med tilbod om plass. I meldinga vil det og vere opplyst om svarfrist.

Når du har fått tilbod om SFO plass, må du takke ja eller nei til dette tilbodet innan fristen.                 

Stadfeste SFO plass 

Seie opp SFO plass

I §13 i vedtektene til SFO, står det: Dersom barnet sluttar i skulefritidsordninga, er det 1 månads oppseiingstid rekna frå den 1. i påfølgjande månad. Det skal betalast vanleg foreldrebetaling i oppseiingstida. Ved oppseiing etter 31.mars, må ein betale ut skuleåret.

Seie opp SFO plass

Manglande betaling - oppseiing frå kommunen

Kommunen kan seie opp plassar det ikkje vert betalt for. Dei føresette får melding om oppseiing med 1 månads frist. Uteståande foreldrebetaling vil elles verte lagt til grunn som avslag på plass ved seinare opptak.

 

Vedtekter for skulefritidsordningane (SFO) i Volda kommune (PDF, 320 kB).