Møre og Romsdal fylkeskommune er ansvarleg for skuleskyss.
For 1. klasse gjeld retten til skyss for elevar som har minst 2 km skuleveg (jfr. opplæringslova). Eldre elevar har rett til skyss viss avstanden mellom heim og skule er meir enn 4. km.
I tillegg har Volda eit kommunalt skyssreglement som opnar for skyss for elevar med kortare skuleveg enn høvesvis 2 km og 4 km. I hovudsak gjeld dette på trafikkfarlege strekningar.
Elevar som har skuleveg på vegstrekningar lista opp under, vert innvilga kommunal skuleskyss, jfr vedteke kommunalt skyssreglement (PDF, 538 kB).
Hornindal skule
- Elevar i 1.- 4. klasse som bur langs fylkesveg 726 frå Steinledet (ikkje med) til fylkesveg 60, og langs vegen til Ytre Haugen
- Elevar i 1.- 10. klasse som har fylkesveg 60 frå Storebrua til Fannemel som skuleveg
- Elevar i 1.-7. klasse som nyttar fylkesveg 60 frå bru over Vikaelva til Skavika (Ytre Svor) som skuleveg
- Elevar som går 2.-10. klasse som har strekninga Grothaug – skulen som skuleveg.
Vinterskyss 15. oktober - 15. mars
- Elevar i 4.-7. klasse som bur langs fylkesveg 726 frå Steinledet (ikkje med) til fylkesveg 60, og lang vegen til Ytre Haugen
- Elevar i 8.-10. klasse som nyttar fylkesveg 60 frå bru over Vikaelva til Skavika (Ytre Svor) som skuleveg.
Folkestad skule
- Elevar i 1. – 10. klasse som bur langs fylkesveg 40 frå Rønstad til gamleskulen.
Bratteberg skule
- Elevar i 1.-4. klasse på strekninga Fremmerlid – Bratteberg skule (Hoggabakkane)
Andre strekningar
- Dersom det kjem fram skyssbehov grunna særleg farleg eller vanskeleg skuleveg utover dei som er lista opp over, vert desse vurderte som enkeltsaker etter søknad.
Endringar
- Ved endringar som gjer skulevegen tryggare på strekningar der det er innvilga kommunal skyss, skal den innvilga skyssen vurderast på nytt.