HPV-vaksine

HPV-vaksine

Kven kan få gratis HPV-vaksine?

HPV-vaksine beskyttar mot tre typar humant papillomavirus, som er årsak til 70 prosent av alle tilfelle av livmorhalskreft. HPV-vaksinen verker førebyggande, og har best effekt når den blir gitt før seksuell debut. Vaksinen beskyttar mot HPV hos dei som ikkje er smitta med desse virustypane frå før. Hos dei fleste som blir smitta med HPV går infeksjonen over av seg sjølv. HPV-vaksine kan også beskytte mot ein reinfeksjon, og ein kan difor ha nytte av vaksinen sjølv om ein har hatt fleire seksualpartnarar.

Sidan 2009 har HPV-vaksine vore ein del av barnevaksinasjonsprogrammet, der jenter har fått tilbod om vaksina på 7. trinn. Frå hausten 2018 fekk også gutar tilbod om denne vaksina, på lik linje med jenter. Vaksinen blir gitt i to dosar, med 6 månaders mellomrom.

Dersom som du ikkje har fått tilbod om HPV-vaksine som ein del av barnevaksinasjonsprogrammet, og ynskjer å starte vaksinering no, må du ta kontakt med din fastlege. Denne vaksina må du betale for.

Du finn meir informasjon om HPV-vaksine hos Folkehelseinstituttet.

Korleis kan eg få HPV-vaksina?

Ta kontakt med legesenteret eller helsestasjonen for å få time til å få satt vaksina.

Kontakt

Sentralbord Helsestasjon
Telefon 70 05 88 20