Influensavaksine

Influensavaksine

For nokre kan influensa gje alvorlege komplikasjonar. Helsegevinsten kan vere stor om du vaksinerer deg. Personar i risikogruppene bør ta vaksine mot influensa årleg.

Korleis kan ein få vaksine?

Du kan få vaksine hos fastlegen eller på apoteka. Volda kommune brukar å tilby fellesvaksinering på hausten. 

Kven bør vaksinere seg?

Influensavaksine vert anbefalt til:

  • Alle frå fylte 65 år
  • Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheimar
  • Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester)

Prematurt fødde barn. Særlig barn fødde før veke 32 i svangerskapet, frå 6 månader til 5 år

Barn og vaksne med:
• diabetes, type 1 og 2
• kronisk luftvegssjukdom (inkludert astma)
• kronisk hjarte- og karsjukdom
• kronisk leversvikt
• kronisk nyresvikt
• kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
• nedsett infeksjonsforsvar
• svært alvorleg overvekt (BMI over 40)
• annan alvorleg eller kronisk sjukdom

I tillegg er vaksina anbefalt for:

  • helsepersonell
  • personar som bur saman med nokon som pga medisinar har nedsatt immunforsvar
  • svinerøktarar
  • saneringspersonale og andre som jobbar med mistenkt eller bekrefta influensasjuk tamfugl.

Vaksina må tilpassast dei aktuelle virusstammene kvart år. Derfor råder ein til at personar i risikogruppene tek vaksina årleg.

Kontakt:

Hornindal legekontor på telefon 57 87 98 70

Volda Legesenter sentralbord tlf. 70 05 89 00

Volda helsestasjon, telefon: 70 05 88 20

Kontakt

Sentralbord Helsestasjon
Telefon 70 05 88 20