Kor lenge varer barnevaksinene?

Kor lenge varer barnevaksinene?

Medan nokre vaksiner gir livslang immunitet bør andre vaksiner få påfyll ein eller fleire gongar.

Folkehelseinstituttet er tydelege på at vaksinering av barn har ført til at ei rekkje sjukdommar har vorte kraftig redusert her til lands. Slik er det dessverre ikkje over hele verda.

Meslingvaksine og immunitet

Ulike vaksiner gir ulik immunitet i kroppen. Enkelte vaksiner gir livslang immunitet, medan andre bør fyllast på ein eller fleire gongar.

MMR-vaksina er ei kombinasjonsvaksine mot meslingar, kusma og røde hunder som ein ikkje treng å ta påfyll av i voksen alder. Alle barn får tilbod om MMR-vaksine ved 15 månader og i 6. klasse. Dette skal gje varig immunitet. MMR-vaksine kom inn i barnevaksinasjonsprogrammet i 1983.

Folkehelseinstituttet (FHI) informerer om at personar fødde før 1960 mest sannsynleg har vore utsette for naturleg meslingsmitte og derfor ikkje treng MMR- vaksine.

Vaksinering berre mot meslingar starta i 1969. Personar som er fødde mellom 1960 og 1969 og som ikkje har hatt meslingar, er derfor tilrådde frå Folkehelseinstituttet å ta MMR-vaksine.

Stivkrampevaksine bør oppfriskast

Barnevaksinene mot difteri, stivkrampe, kikhoste og polio bør derimot friskast opp kvart 10. år etter at ein har gått ut av ungdomsskulen. Kvar enkelt har ansvar for å fylgje med på dette. Folkehelseinstituttet har no ei vaksine for vaksne som gir påfyll og immunitet mot alle fire sjukdommane samtidig.

Vaksine mot difteri, stivkrampe og kikhoste vart innført i barnevaksinasjonsprogrammet frå 1952, og poliovaksine til alle fødde frå og med 1943. Sjølv om det har gått lang tid sidan sist ein tok desse vaksinene, vil ei påfyllingsdose ha god effekt.

Enkelte får påfyll av vaksine gjennom jobben sin, andre når dei skal ut og reise. Folkehelseinstituttet minner også alle som er i kontakt med spedbarn om å ha oppdatert vaksinene sine. Dette vil verne uvaksinerte spedbarn mot alvorleg sjukdom, t.d kikhoste.

Kontakt

Sentralbord Helsestasjon
Telefon 70 05 88 20