Drømmestipendet

Drømmestipendet

Drømmestipendet er eit samarbeid mellom Norsk kulturskoleråd og Norsk Tipping. Stipendet skal gi verdifull inspirasjon og merksemd, og medverke til at mange unge kunst- og kulturutøvarar får oppfylt sine draumar. 

Unge kunst- og kulturutøvarar mellom 18 og 25 år kan søke om å få Drømmestipendet. Ein kan søkje som enkeltperson eller som gruppe. Stipendet er på 30 000 kroner og blir utdelt til 50 elevar frå norske kulturskular kvart år.

Føremålet med stipendordninga er også å synleggjere kommunane sitt arbeid for unge kunst- og kulturutøvarar. 

Kvar kommune kan nominere ein eller fleire elevar/utøvarar innanfor t.d. musikk, visuell kunst, skapande skriving og teater.

For å søke må du ha tilknyting til Volda kommune.  Sjå meir informasjon om dette i søknadsportalen.

Ta kontakt med rektor i kulturskulen for å få meir informasjon.

Søk her (drommestipendet.no)

 

Tidlegare har desse fått tildelt stipendet: 

I 2017 fekk Åsmund Farstad Drømmestipendet i kategorien musikk.

I 2018 fekk  Andrea Følsvik Drømmestipend i visuell kunst.

I 2020 fekk Louise Engeseth Drømmestipendet i kategorien musikk. 

Kontakt

Hanne Benedicte Drabløs
rektor Volda kulturskule
E-post