Øyrafolk er eit undervisningstilbod for born og unge i folkemusikk og folkedans gjennom Volda kulturskule. Det vart starta opp hausten 2022 av folkedansar Anna Gjendem og folkemusikar Jorun Marie Kvernberg, som framleis leier tilbodet. Ungane møtast ein gong i veka og dansar, syng og spelar norsk folkemusikk og folkedans saman. I tillegg til den ordinære undervisninga har dei hatt fleire reiser på både kurs, opptredenar og kappleikar.
Alle kan starte rett i folkedansgruppene. For å starte i spelegruppa må du ha spelt eitt år på ditt instrument først.
Alle øvingane er onsdagar i Volda og det er veldig kjekt om du vil gå både på folkedans og folkemusikk.
Øyraspel som er namnet på vaksengruppa øver onsdagar i Volda. I gruppa er det i dag vaksne som spelar fele, piano, gitar og perkusjon. Tilbodet er eit kortkurs med 10 øvingar kvart halvår.
Instruktørane samarbeidar tett, og deltakarane får ein smak av både folkedans, folkesong og folkemusikk i fellesøkter. Det blir lagt vekt på at dette er del av ein heilskap og at det sosiale er viktig. Vi ønsker også at foreldre deltek.
Søk om plass i kulturskulen