Kulturskulen starta hausten 2022 opp tilbod i folkedans og folkemusikk. Det er gruppeundervisning i både dans og musikk for born frå 1. klasse og oppover, og det er gruppeundervisning i folkemusikk for ungdom/vaksne.
Instruktørane Anna Gjendem (folkedans) og Jorun Marie Kvernberg (folkemusikk) samarbeidar tett, og deltakarane får ein smak av både folkedans, folkesong og folkemusikk i fellesøkter. Det blir lagt vekt på at dette er del av ein heilskap og at det sosiale er viktig. Vi ønsker også at foreldre deltek.
Tilbodet er i Volda.
Søk om plass i kulturskulen