Om kulturskulenSkulen starta i 1972 som Ørsta/Volda interkommunale musikkskule. Frå 1978 vart det to sjølvstendige skular.I dag får omlag 300 elevar opplæring i song, spel, dans eller teikning/måling. Funksjonshindra elevar får spesielt tilrettelagt opplæring.Skulen driv ei folkedansgruppe for barn, og to folkemusikkgrupper for barn og ungdom/vaksne i samarbeid med Ørsta. I tillegg driv kulturskulane i Volda og Ørsta Sunnmøre ungdomssymfoniorkester. Elles har vi samspelgrupper både for stryk og blås.Skulen skipar til fleire konsertar og utstillingar kvart år, enten åleine eller saman med andre aktørar. Skulen samarbeider nært med lokalt kulturliv elles i kommunen.Volda kulturskule har eigne lokale på Øyra skule. Så langt det er praktisk mogleg blir det gitt undervisningstilbod i andre skulekrinsar. Dette er avhengig av tal på søkjarar til det enkelte tilbod og kvalifisert lærartilgang.Søke om plass i kulturskulenBesøksadresse: Porsemyrvegen 43, 6103 VOLDA(Kulturskulen i Volda er samlokalisert med Øyra skule, eigen inngang) Sist endra 01.07.2024 14:24