Plass i kulturskulen

Plass i kulturskulen

Har du lyst å lære å spele eit instrument, eller kanskje er du meir interessert i teikning, maling eller dans?

Det er mange spanande tilbod i Volda kulturskule, som du kan nytte deg av.

Søk om plass i kulturskulen (novolda.speedadmin) 

Søknadsfrist er sett til 1. juni. Du kan søke heile året og vil få plass dersom det blir ledige timar.

For aktive elevar

Dei som alt har plass i kulturskulen får melding om re-registrering, og skal ikkje søke.

Ein plass i kulturskulen er bindande og må seiast opp skriftleg. Frist for å seie opp plass for vårsemesteret er 1. desember.

For haustsemesteret må oppseiing gjerast i samband med søknadsfrist for nytt skuleår.

Kontakt

Hanne Benedicte Drabløs
rektor Volda kulturskule
E-post