Sunnmøre ungdomssymfoniorkester

Sunnmøre ungdomssymfoniorkester

Kulturskulane i Volda og Ørsta har heilt sidan kulturskulen vart starta samarbeidd om Ungdoms­symfoniorkesteret.

Vi er svært stolte av å ha eit symfoniorkester for ungdom på Sunnmøre. Dette er eit tilbod til strykarar, blåsarar og perkusjonistar som er elevar i kulturskulane. Medlemane er frå 7. klasse og oppover.

For å sikre god rekruttering og eit stor miljø er også dei andre kommunane på Søre Sunnmøre inviterte til å delta med sine kulturskuleelevar.

I tillegg har orkesteret nokre allierte vaksne  musikarar som fyller ut dei instrumentgruppene der kulturskulane sjølv ikkje har rekruttering.

Om lag 60 musikarar

Orkesteret tel med smått og stort ca. 60 musikarar. For kulturskule­elevane er dette orkesteret ein sjeldan sjanse til å vere med i eit stort orkester og oppleve samspelet og klangen dette gir.

Orkesteret er no organisert som prosjekt. Det blir sett opp 5 - 6 øvingsdatoar i haustsemesteret og i vårsemesteret der ein øver fram mot adventskonsertar før jul, og ein vårkonsert i månadsskiftet april/mai.

Øvingane forgår i Amfiet på Øyra skule.

Ynskjer du å bli med?

Du kan melde deg inn i orkesteret utan å vere elev i kulturskulen. Ta kontakt med rektor i kulturskulen for meir informasjon

Sunnmøre ungdomssymfoniorkesteret er medlem i De Unges Orkesterforbund, UNOF

Dei har også si eiga Facebook-side som du kan følgje.

Kontakt

Hanne Benedicte Drabløs
rektor Volda kulturskule
E-post