Bruk av appar

Bruk av appar

Bruk av ulike appar

Både barnehagane og skulane har teke i bruk fleire appar i sitt pedagogiske arbeid. Ein har og appar som ein nyttar til kommunikasjon mellom heimen og barnehagen/skulen.

Før ein tek i bruk ein app er det fleire handlingar kommunen gjer:

1. Ein leverandør av appen gir oss ein databehandlaravtale. Denne avtalen beskriv kva slags personopplysningar som dei behandlar, korleis dei ivaretek sikkerheita og eventuelt kven dei delar personopplysningane med. I avtalen er det og beskrive korleis ein gjennomfører sletting av desse opplysningane når ein ikkje treng dei lengre. Ein databehandlaravtale blir kvalitetssikra og gjennomgått av ei gruppe i kommunen, før kommunalsjef oppvekst signerer avtalen.

2. Kommunen er det som ein kallar behandlingsansvarleg. Det vil seie at det er kommunen som er ansvarleg for behandlinga av personopplysningane. Som behandlingsansvarleg skriv kommunen protokoll, som beskriv kva slags personopplysningar som vert behandla, sikkerheit og sletterutinar. 

3. I all vurdering ser kommunen på om det å ta i bruk appen er nødvendig. Dette for å minimere behandlinga av personopplysningar.

Sjå elles Volda kommune sine sider for personvern for meir informasjon.