Samtykke

Samtykke

Kva er eit samtykke?

Eit samtykke er at føresette seier ja til at skulen gjer ein konkret aktivitet. Eit døme kan vere at føresette gir barnehagen eller skulen samtykke til at ein publiserer bilete av barnet deira på heimesida til kommunen.

Som føresett skal du alltid få god informasjon om kva samtykket betyr. Samtykke gir ein i Vigilo. I barnet si mappe i Vigilo vil føresette alltid kunne sjå kva samtykke som gjeld eige barn.

Eit samtykke er frivillig, og ein kan trekke tilbake eit samtykke om ein ønskjer det. Ein treng ikkje gi grunngjeving om ein ønskjer å trekke samtykket tilbake. Ein kan trekke samtykket i Vigilo eller ta direkte kontakt med barnehagen eller skulen. 

Ein kan lese meir om samtykke på Datatilsynet sine sider.

Samtykke til publisering av bilete og film

Barnehagen eller skulen kan ikkje ta eller dele bilete utan at foreldra har samtykka til dette. Dette gjeld uavhengig av kor bileta skal delast. Dei same reglane gjeld for opptak av film der barn/elevar deltek.

Kommunen har laga til ulike samtykke for bruk av bilete og film i barnehagen og skulen. Som forelder kan du velje om du vil gi samtykke, og eventuelt kva samtykke du ønskjer å gi. Samtykka finn ein i Vigilo:

- Samtykke til at bilete/film kan nyttast internt på barnehagen/skulen. Til dømes i klassa, skulesamlingar eller på eit foreldremøte.

- Samtykke til at bilete/film kan delast på kommunen si heimeside og barnehagen/skulen sine digitale plattformer.

- Samtykke til at barnet/eleven kan vere med på reportasjar/artiklar i avis, tv, radio og liknande. Til dømes i samband med omtale når det er 1. klassebilete, aktivitetsdagar eller andre arrangement ved barnehagen/skulen.

- Samtykke til at det vert teke bilete gjennom barnehage/skulefotograf, og om dette kan publiserast i katalog.

Datatilsynet har utarbeida ein rettleiar om bilete av barn, og deling av bilete av barn. Oppvekst følgjer denne rettleiaren, som ein finn på sidene til Datatilsynet.

Særleg om bruk av ekstern fotograf

Barnehagar og skular nyttar ofte eksterne fotografar til å ta gruppe/klassebilete. For å kunne nytte bileta lovleg, til dømes i ein katalog, må ein innhente samtykke på førehand frå dei føresette (dersom barnet er mindreårig) eller frå eleven sjølv. 

Barnehagen eller skulen kan ikkje gi samtykke på vegne av barna eller dei føresette. Dersom føresette ikkje ønskjer at det skal takast bilete av barnet, skal kontaktopplysningar om barnet eller føresette heller ikkje sendast til fotografen.

Korleis gir ein samtykke?

Barnehagane og skulane sender ut samtykka dei treng svar på gjennom Vigilo. Som forelder er det i Vigilo-appen eller i Foreldreportalen du gir ditt samtykke. Dersom du ønskjer å trekkje samtykke, blir dette også gjort i Vigilo-appen eller Foreldreportalen. Barnehagen og skulen får ikkje automatisk melding når eit samtykke vert trekt tilbake, difor er det viktig at du og gir beskjed til skulen om dette. På heimesida til Volda kommune kan ein kome direkte til Vigilo gjennom denne lenka.