Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT)

Kommunane Hareid, Ulstein, Volda og Ørsta samarbeidar om å tilby Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT).

PPT skal hjelpe barn, elevar, lærekandidatar, lærlingar, praksisbrevkandidatar og vaksne med behov for særskilt tilrettelegging. Hensikta er at dei får eit inkluderande, likeverdig og tilpassa pedagogisk tilbod. PP-tenesta skal også hjelpe barnehagar og skular med kompetanseheving og organisasjonsutvikling.

PP-tenesta sitt mandat er regulert i Barnehagelova § 33 og Opplæringslova § 5-6

PP-tenesta har både system- og individretta arbeidsoppgåver, og det er viktig at oppgåvene sjåast i samanheng.

Hareid, Ulstein, Volda og Ørsta har felles PP-teneste. Ulstein er vertskommune for den interkommunale PP-tenesta.

Du finn meir informasjon om PPT på Ulstein kommune si heimeside.