Føresetnad for å delta er:
- du har behov for grunnleggande kvalifisering
- du er i alderen 18 til 55 år
- du har budd i landet under 2 år
- du har fått asyl (utlendingsloven § 28), er overføringsflyktning (utlendingsloven § 35), har fornybar opphaldsløyve (utlendingsloven § 38 og § 53) eller har fått opphald som familiemedlemmer til ein av desse personar.
Korleis starte introduksjonsprogrammet?
Flyktningar som busettast i Volda kommune etter avtale med IMDi, vil få innkalling til samtale av Volda læringssenter.
Personar som kjem ved familieinnvandring må sjølv søke seg inn i programmet. Dei kan også ta direkte kontakt med Volda læringssenter for informasjon om rettar.
Kva er introduksjonsprogrammet?
Formålet med introduksjonsprogrammet er å styrke nykomne innvandrarars moglegheit for deltaking i yrkes- og samfunnslivet, og deira økonomiske sjølvstende.
Introduksjonsprogrammet skal leggast til rette for personar som har behov for grunnleggande kvalifisering. Introduksjonsprogrammet tar sikte på å
- gi grunnleggande ferdigheiter i norsk
- gi grunnleggande innsikt i norsk samfunnsfag
- førebu til deltaking i yrkeslivet
Programmet skal være helårlig og på full tid.
Programmet skal minst innehalde
- norskopplæring
- samfunnskunnskap
- arbeids- eller utdanningsretta tiltak.
Som deltakar i introduksjonsprogrammet får du introduksjonsstønad. På årsbasis utgjer dette to gonger folketrygdens grunnbeløp. Personar under 25 år mottar 2/3 stønad. Per 01.05.2018 er årslønna kr 193 766,- for personar over 25 år og kr 129 177,33 for personar under 25. år. Stønaden er skattepliktig.
Krav til deltaking
For å kunne motta introduksjonsstønad må ein delta aktivt i introduksjonsprogrammet. Introduksjonsprogrammet følgjer arbeidslivets reglar for frammøte, og ikkje gyldig fråvær fører til trekk i stønad.
Kontaktperson/programrådgjevar
Kvar deltakar får ein kontaktperson ved Volda læringssenter. Kontaktpersonen blir kalt programrådgjevar og har oppfølgingsansvar i hele programperioden.
Kontakt:
Volda læringssenter
Høgtunvegen 13 (Vikebygda skule)
6104 VOLDA
Rektor
Gunstein Ohma, tlf: 46 37 69 79
E-post: gunstein.ohma@volda.kommune.no
Fagleiar busetting og kvalifisering
Marianne Solheim, tlf: 46 83 34 58
E-post: marianne.solheim@volda.kommune.no
Linkar: