Introduksjonsprogram for nykomne innvandrarar

Introduksjonsprogram for nykomne innvandrarar

Introduksjonsprogrammet er eit opplæringstilbod til nykomne flyktningar som er busett i Volda kommune etter avtale med Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi). Familiesameinte til flyktningar kan også delta. Målsettinga er at du skal bli økonomisk sjølvstendig gjennom utdanning og/eller jobb etter to år.

Føresetnad for å delta er:

  • du har behov for grunnleggande kvalifisering
  • du er i alderen 18 til 55 år
  • du har budd i landet under 2 år
  • du har fått asyl (utlendingsloven § 28), er overføringsflyktning (utlendingsloven § 35), har fornybar opphaldsløyve (utlendingsloven § 38 og § 53) eller har fått opphald som familiemedlemmer til ein av desse personar.

Korleis starte introduksjonsprogrammet?

Flyktningar som busettast i Volda kommune etter avtale med IMDi, vil få innkalling til samtale av Volda læringssenter.

Personar som kjem ved familieinnvandring må sjølv søke seg inn i programmet. Dei kan også ta direkte kontakt med Volda læringssenter for informasjon om rettar.

Kva er introduksjonsprogrammet?

Formålet med introduksjonsprogrammet er å styrke nykomne innvandrarars moglegheit for deltaking i yrkes- og samfunnslivet, og deira økonomiske sjølvstende.

Introduksjonsprogrammet skal leggast til rette for personar som har behov for grunnleggande kvalifisering. Introduksjonsprogrammet tar sikte på å

  • gi grunnleggande ferdigheiter i norsk
  • gi grunnleggande innsikt i norsk samfunnsfag
  • førebu til deltaking i yrkeslivet

Programmet skal være helårlig og på full tid.

Programmet skal minst innehalde

  • norskopplæring
  • samfunnskunnskap
  • arbeids- eller utdanningsretta tiltak.

Som deltakar  i introduksjonsprogrammet får du introduksjonsstønad. På årsbasis utgjer dette to gonger folketrygdens grunnbeløp. Personar under 25 år mottar 2/3 stønad. Per 01.05.2018 er årslønna kr 193 766,- for personar over 25 år og kr 129 177,33 for personar under 25. år. Stønaden er skattepliktig.

Krav til deltaking

For å kunne motta introduksjonsstønad må ein delta aktivt i introduksjonsprogrammet. Introduksjonsprogrammet følgjer arbeidslivets reglar for frammøte, og ikkje gyldig fråvær fører til trekk i stønad.

Kontaktperson/programrådgjevar

Kvar deltakar får ein kontaktperson ved Volda læringssenter. Kontaktpersonen blir kalt programrådgjevar og  har oppfølgingsansvar i hele programperioden.

Kontakt:

Volda læringssenter

Høgtunvegen 13 (Vikebygda skule)

6104 VOLDA

Rektor

Gunstein Ohma, tlf: 46 37 69 79

E-post: gunstein.ohma@volda.kommune.no

Fagleiar busetting og kvalifisering

Marianne Solheim, tlf: 46 83 34 58

E-post: marianne.solheim@volda.kommune.no

Linkar:

English:

https://www.imdi.no/en/the-introduction-programme/the-introduction-programme/