Norskopplæring

Norskopplæring

Volda læringssenter har ansvaret for å gi opplæring i norsk og samfunnskunnskap til vaksne innvandrarar i kommunen. 

Vi kan tilby opplæring på ulike norsknivå frå A1 – B2. Undervisninga er i hovudsak på dagtid, måndag – torsdag, men Volda læringssenter arrangerer også kveldskurs ved behov (sjå aktuelle saker).

Følgjande har rett og plikt til gratis norskopplæring:

  • Flyktningar busette i kommunen 
  • Innvandrarar frå land utanfor EØS-området
  • Familiegjenforeinte med norske og nordiske borgarar
  • Asylsøkjarar som har fått opphaldsløyve i Noreg og ventar på busetting

For dei som har rett og plikt til opplæring ligg det også eit krav om å gjennomføre 75 timar med undervisning i samfunnskunnskap i tillegg til prøve i samfunnskunnskap.

Tidsfrist for gratis opplæring

Personar med rett og plikt, eller berre rett til opplæring i norsk og/eller samfunnskunnskap, har rett til gratis opplæring i 18 månader eller 3 år (avhengig av utdanningsbakgrunn) eller til oppnådd norskmål.

Følgjande har ikkje rett til gratis norskopplæring:

  • Nordiske borgarar (det vil seie borgarar av Sverige, Danmark, Finland og Island).
  • Studentar, arbeidsinnvandrarar og deira familiemedlemmar. 
  • Innvandrarar som har brukt opp timane sine eller har greidd nivå B1. 
  • Dei som har rett til opplæring, men som ikkje har teke ut timane sine innan fristen.

Påmelding til norskkurs:

Du kan melde deg på norskkurs ved å ta kontakt med Volda læringssenter direkte.

Påmelding norskprøve:

Norskprøvene vert gjennomført inntil fire gongar pr. år. Prøveperiodene er fastsatt nasjonalt og du finn meir informasjon om dei på https://www.kompetansenorge.no/

Norsk på høgare nivå (Bergenstesten)

Lenke til informasjon om eksamen, og påmelding her: folkeuniversitetet.no

Besøksadresse

Volda læringssenter, Høgtunvegen 13, 6104 VOLDA

Kontakt

Gunstein Ohma
avdelingsleiar vaksenopplæring og integrering
E-post
Mobil 46 37 69 79