Spesialundervisning, individuelt tilrettelagt opplæring (ITO), for vaksne Kven kan få spesialundervisning? Vaksne kan ha rett på spesialundervisning ut frå to kriterium: Det eine kriteriet er at den vaksne eleven ikkje har tilstrekkeleg utbytte av den ordinære opplæringa i vaksenopplæringa. Det andre kriteriet er at den vaksne eleven har behov for å utvikle eller vedlikehalde grunnleggande ferdigheiter. Det kan være aktuelt dersom eleven etter å ha fullført vidaregåande opplæring framleis treng opplæring, eller har fått ein skade eller ein sjukdom og treng hjelp for å fungere i det daglege. (Sjå Utdanningsdirektoratet sine sider om spesialundervisning for vaksne og Opplæringslova ) I Volda kommune er spesialundervisning for vaksne organisert av Volda læringssenter. Spesialundervisning kan vere tilbod til vaksne med: medfødd eller erverva funksjonsnedsetjing synshemming høyrselshemming språk- eller talevanskar, afasi spesifikke lærevanskar Før skulen gir tilbod om spesialundervisning skal PPT utarbeide sakkunnig vurdering. Eksempel på fagområde det kan gjevast spesialundervisning i: Grunnleggande ferdigheiter i grunnskulefag og i grunnleggande ferdigheiter som: kommunikasjon lesing/skriving rekning digitale ferdigheiter/bruk av IKT ASK (alternativ og supplerande kommunikasjon) opplæring i bruk av diverse hjelpemiddel høyrselspedagogisk opplæring: - opplæring i teikn som støtte for tale - lyttelæring etter CI ADL (dagleglivets aktivitetar) Korleis søker du? Du søker til Volda læringssenter SøknadsskjemaTa gjerne kontakt for meir informasjon. Sist endra 22.04.2024 13:46