Vigilo fagsystem for barnehage, skule og SFO

Vigilo fagsystem for barnehage, skule og SFO

Kort fortalt

  • Oppvekstsektoren i Volda kommune har tatt i bruk løysinga Vigilo til å administrere barnehagar, skular og SFO. Digital kommunikasjon mellom kommunale barnehagar/skular og foreldre/føresette i Volda vil også gå føre seg via kommunikasjonsløysinga i Vigilo.
  • Den lukka løysinga sikrar personvernet, er trygg og effektiv, og samlar all kommunikasjon på ein stad. Løysinga erstattar kommunikasjon via ranselpost, e-post og SMS.

Gå til Vigilo 

Illustrasjon - logoen til Vigilo, to hender som held i kvarandre, ei lita og ei stor. - Klikk for stort bilete Vigilo
Kva er Vigilo?

Vigilo er eit komplett oppvekst- og administrasjonssystem (OAS) som skal dekke behova oppvekstsektoren har for å kunne administrere barnehagar, skular og SFO.

I Vigilo kan kommunen ta imot søknader om barnehageplass og SFO-plass, søknader om redusert betaling og fakturahandtering.

Kommunale skular bruker Vigilo til administrasjon av skulekvardagen, som til dømes plassering av elevar, timeplanar, fråværsregistrering, karakterar og vitnemål. 

Korleis ser Vigilo ut?

Tilsette, elevar og føresette har ulike portalar der relevant informasjon vert tilgjengeleg. Tilsette har berre tilgang til informasjon om barn dei er tildelt (for eksempel undervisningsgruppe, avdeling i barnehage og liknande). Føresette kan logge inn i nettportal eller bruke app for å sjå informasjon om eigne barn i barnehage, SFO og grunnskule.

Vigilo er ei god kjelde til meir informasjon om korleis systemet ser ut og fungerer.

Digital kommunikasjon

Kommunikasjonsmodulen er ein eigen del av Vigilo som vert nytta for digital kommunikasjon mellom heim og barnehage, skule og SFO.

Kommunikasjonen i Vigilo går føre seg bak innlogging, og erstattar mindre sikre kommunikasjonsplattformer som e-post, SMS og ranselpost. Ved å bruke ei lukka løysing er kommunen i stand til å behandle personopplysningar på ein forsvarleg måte, og bidreg også til å sikre at dei tilsette kan halde teieplikta (forvaltningslova § 13).

Når kjem Vigilo til Volda kommune?

Kommunen tek i bruk Vigilo frå 1. august 2023. Vigilo erstattar Edlevo.

Korleis kome i gang?

Du har tilgang til kommunikasjon og informasjon gjennom Vigilo foreldreportal og Vigilo app.

Vigilo foreldreportal

Du loggar deg inn i Vigilo foreldreportal via ID-porten, på sida https://www.vigilo.no/volda/.

Foreldreportalen er tilgjengeleg både på PC og i nettlesar på smarttelefon eller nettbrett, men bruk gjerne appen til den daglege kommunikasjonen (sjå under).  Sjå også hjelpeartikkel for innlogging i foreldreportalen i Vigilo hjelpesenter.

Vigilo app

Illustrasjon av mobil som viser innlogging til Vigilo - Klikk for stort bilete Vigilo

Vigilo app er eit alternativ til foreldreportalen på nett. Du lastar ned appen gratis på App Store (iOS), Google Play (Android) eller App Gallery (HarmonyOS).

Første gongen du loggar deg inn gjer du det via ID-porten. Du må då opprette ei firesifra PIN-kode som du skal bruke når du loggar deg inn neste gong. Alternativt kan du aktivere biometrisk innlogging. Sjå også hjelpeartikkel om nedlasting og innlogging i Vigilo app i Vigilo hjelpesenter.

I appen får ein enkel tilgong til dagleg kommuniasjon med barnehage, skule og sfo. Ein får "siste nytt", kan sende og motta "meldingar" samt "melde fråvær".

Behandling av personopplysningar

Volda kommune samlar inn og behandlar personopplysningar som vi treng for å utføre lovpålagde oppgåver knytt til opplæringslova.

Vigilo hentar opplysningar om barn i Volda kommune og deira føresette, i tillegg til opplysningar knytt til barn som har barnehage-/skuleplass i Volda kommune.

Opplysningane vert henta frå Folkeregisteret (FREG) og frå Kontakt- og reservasjonsregisteret (KRR). Dette inkluderer opplysningar som namn, fødselsnummer, e-postadresse, familierelasjonar og bustadadresse. I tillegg behandlar kommunen opplysningar som vert registrert av tilsette ved barnehage/skulen og SFO. Kontakt- og reservasjonsregisteret er ei fellesløysing som alle offentlege verksemder skal bruke.

Du kan sjølv endre opplysningar i folkeregisteret og Kontakt- og reservasjonsregisteret. Verken skulen eller kommunen sentralt kan gjer dette for deg

Kva rettar har du?

Når personopplysningane om deg vert samla inn og brukt, har du ei rekke rettar etter personopplysningslova og personvernforordninga.

Innsyn i personopplysningar (personvernforordninga artikkel 15)

Når kommunen behandlar personopplysningar om deg, har du rett til å vite kva opplysningar som vert behandla, kva opplysningane vert brukt til og kor lenge dei vert lagra.

Retting av personopplysningar (personvernforordninga artikkel 16)

Dersom opplysningane kommunen har om deg er feil, har du rett til å få korrigert dei. Det gjeld også dersom kommunen ikkje har fullstendige opplysningar om deg.

Sletting av personopplysningar (personvernforordninga artikkel 17)

Du kan ha rett til å få sletta opplysningane om deg sjølv. Dersom du meiner kommunen behandlar informasjon om deg som ikkje er nødvendig, kan du be om at denne informasjonen vert sletta. Dette gjeld ikkje dersom opplysningane skal oppbevarast etter anna lovverk, for eksempel arkivlova.

Avgrensa behandling av personopplysningar (personvernforordninga artikkel 18)

I visse tilfelle kan du kreve at behandlinga av personopplysningar vert avgrensa. Dette kan for eksempel skje om du meiner at personopplysningane dine ikkje er rett, og at det vil ta tid for kommunen å vurdere dette.

Protest mot behandling av personopplysningar (personvernforordninga artikkel 21)

Du kan protestere på at kommunen behandlar opplysningar om deg. Retten gjeld ikkje dersom kommunen er pålagt gjennom lov å behandle opplysningane.

Du kan lese meir om rettane dine og korleis du kan utøve desse rettane i personvernerklæringa for Volda kommune.

Klage

Du kan klage til Datatilsynet viss du ikkje er nøgd med korleis kommunen behandlar personopplysningane dine, eller du meiner behandlinga er i strid med personvernreglane. Informasjon om korleis du går fram for å klage finn du på nettsidene til Datatilsynet.

Kontakt

Ta kontakt med barnehagen eller skulen om du har spørsmål om Vigilo.

Treng du hjelp med det tekniske? Kontakt Vigilo | Hjelpesenter.