Barn har det best når dei får bu nær folk og stader dei kjenner. I Volda jobbar vi ekstra hardt for å finne fosterheimar og besøksheimar i nærmiljøet – helst i familien eller nettverket til barnet.
Vil du opne heimen din for barn som treng deg?
Du kan gjere ein stor forskjell i livet til eit barn.
Du står aldri aleine. Du får god støtte, oppfølging og godtgjersle.
Fosterheim
Som fosterheim tek du imot eit barn som treng ein trygg og stabil heim over tid. Du får opplæring og støtte frå barnevernet.
Oppfølging av fosterheimar
Som fosterheim i Volda får du tett og trygg oppfølging. Saksbehandlar kjem på besøk minst fire gonger i året, og oftare ved behov. Tema for besøka er barnet si situasjon, og kva støtte fosterheimen treng. Saksbehandlar deltek også i møte med andre instansar..
Biologiske barn i fosterheimen
Biologiske barn i fosterheimen blir også tekne på alvor. Dei får delta i samtalar med saksbehandlar og seia meininga si. Fosterforeldre får rettleiing i vanlege utfordringar som kan oppstå mellom eigne barn og fosterbarn. Kvart år får biologiske barn tilbod om kurs gjennom Bufetat, der dei møter andre i same situasjon.
Kompensasjon for fosterheimar
Grunnstønad
Alle fosterheimar får ei grunnstønad og dekking av utgifter ut frå KS sine satsar. Du vil i tillegg få barnetrygd slik du får for eigne barn.
Trykk her for å sjå Ks sine satsar for fosterheim
Ekstrautgifter
Du vil også få støtte til ekstrautgifter som briller, helsetenester, tannhelse, dåp/konfirmasjon med meir.
Besøksheim
Som besøksheim opnar du heimen din for eit barn eller eit søskenpar – kanskje ei helg i månaden, annakvar helg, eller i feriar. Du gir barnet tryggleik, glede og gode opplevingar.
Oppfølging av besøksheimar
- Før du startar, kjem ein kontaktperson heim til deg for å bli kjent og snakke om kva det inneber å vera besøksheim.
- Blir de einige, lagar de ei avtale for eitt år om gongen.
- Kvar familie og kvart barn er unike, og me tilpassar oppfølginga etter kva de har behov for.
Kompensasjon for besøksheimar
Du får godtgjersle per døgn, og eit tillegg for å dekke utgifter. Det er viktig å levera timeliste for arbeidet.
Bufdir
Vil du vite meir?
Nettsidene til Bufdir
Nettsidene til Søre Sunnmøre Barnevernssamarbeid
Finn informasjonsmøte