Skuleskyss

Skuleskyss

Grunnskuleelevar som har meir enn 4 km skuleveg, har rett til fri skuleskyss.

Møre og Romsdal fylkeskommune er ansvarleg for skuleskyss. 

For 1. klasse gjeld retten til skyss for elevar som har minst 2 km skuleveg (jfr. opplæringslova). Eldre elevar har rett til skyss viss avstanden mellom heim og skule er meir enn 4. km.

I tillegg har Volda eit kommunalt skyssreglement som opnar for skyss for elevar med kortare skuleveg enn høvesvis 2 km og 4 km. I hovudsak gjeld dette på trafikkfarlege strekningar.

Elevar som har skuleveg på vegstrekningar lista opp under, vert innvilga kommunal skuleskyss, jamfør vedteke kommunalt skyssreglement.

Hornindal skule

  • Elevar i 1.- 4. klasse som bur langs fylkesveg 726 frå Steinledet (ikkje med) til fylkesveg 60, og langs vegen til Ytre Haugen
  • Elevar i 1.- 10. klasse som har fylkesveg 60 frå Storebrua til Fannemel som skuleveg
  • Elevar i 1.-7. klasse som nyttar fylkesveg 60 frå bru over Vikaelva til Skavika (Ytre Svor) som skuleveg
  • Elevar som går 2.-10. klasse som har strekninga Grothaug – skulen som skuleveg.

Vinterskyss 15. oktober - 15. mars

  • Elevar i 4.-7. klasse som bur langs fylkesveg 726 frå Steinledet (ikkje med) til fylkesveg 60, og lang vegen til Ytre Haugen
  • Elevar i 8.-10. klasse som nyttar fylkesveg 60 frå bru over Vikaelva til Skavika (Ytre Svor) som skuleveg.

Folkestad skule

  • Elevar i 1. – 10. klasse som bur langs fylkesveg 40 frå Rønstad til gamleskulen.

Bratteberg skule

  • Elevar i 1.-4. klasse på strekninga Fremmerlid – Bratteberg skule (Hoggabakkane)

Andre strekningar

  • Dersom det kjem fram skyssbehov grunna særleg farleg eller vanskeleg skuleveg utover dei som er lista opp over, vert desse vurderte som enkeltsaker etter søknad.

Endringar

  • Ved endringar som gjer skulevegen tryggare på strekningar der det er innvilga kommunal skyss, skal den innvilga skyssen vurderast på nytt.

Kontakt

Per Ivar Kongsvik
Kommunalsjef
Telefon 90 53 67 57