Alle foreldre og føresette kan ta kontakt med helsesjukepleiar for å diskutere kva rettleiing som kan vere aktuell.
Rettleiingskurs for deg med barn opp til 6 år
Mange foreldre synest det er utfordrande å gje barna sine tryggleik og god oppvekst. Foreldrerettleiingskurset Circle of Security (COS), tryggleiksssirkelen, skal gje foreldre verktøy for å betre forstå kva behov barna har, kva signal dei gir og kva vi kan gjere for å møte desse behova betre.
Målet med kurset
Målet er at barnet ditt skal få hjelp til å kjenne seg trygg og stå sterkare rusta til å møte utfordringar ein møter i livet. Kurset kan også bidra til eit godt samspel mellom deg og barna dine.
Påmelding, tid og stad
Sektor oppvekst planlegg å ha 2-4 kurs i året med fysisk oppmøte på dagtid.
Kurset er anbefalt for føresette med barn mellom 4 månader og 6 år. Vi oppmodar om at begge føresette deltek.
Kurs hausten 2026
Kursa går over fem tysdagar:
Datoar: 3., 10., 17. og 24. november og 1. desember
Tid: Kl. 14.00–15.30
Stad: Volda samfunnshus, 1. etasje – lokalet til ungdomsklubben
Kven kan vere med?
Foreldrerettleiingsskurset er for foreldre med barn mellom 4 månader og 6 år.
Meir info om kurset
Kurset skal gi føresette verktøy til å forstå betre kva behov barn har, kva signal dei gir og kva vi kan gjere for å møte desse behova betre. Foreldrekurset vert anbefalt til alle foreldre.
Tryggleikssirkelen kan dessutan kome til glede og nytte i alle relasjonar – ikkje berre mellom deg og barnet dykkar.
Dess tryggare barnet ditt er, dess meir vil barnet ditt kunne:
- oppleve meir glede saman med deg
- føle mindre sinne ovanfor deg
- søkje di hjelp når barnet har det vanskeleg
- løyse problem på eiga hand
- kome betre overeins med vener
- knyte langvarige venskap
- få betre relasjon med søsken
- få betre sjølvkjensle
- ha tillit til at dei fleste problem har ein løysing
- få tillit til at gode ting vil skje
- få tillit til menneska barnet er glade i
- vite korleis ein er god mot andre
COS-video på engelsk