Om kommunereforma

Om kommunereforma

Som eit resultat av kommunereforma vart Hornindal og Volda kommune slegne saman til éin kommune 01.01.2020.

Kommunanereforma vart sett i gang av Erna Solberg si regjering i juni 2014. Etter utgreiing i samband med denne prosessen, vedtok kommunestyra i høvesvis Volda og Hornindal sommaren 2016 at kommunane skulle slå seg saman 01.01.2020.

Fylkesmannen følgde opp dette vedtaket med tilråding om samanslåing av Volda og Hornindal den 1. oktober 2016.

Endeleg vedtak av kommunestrukturen vart fatta i Stortinget 8. juni 2017, der strukturen vart vedteken med minst mogleg margin: 85 røyster mot 84 røyster.

Denne reforma gjorde at talet på kommunar i Noreg frå 01.01.2020 endra seg frå 426 til 356 kommunar.

Kvifor samanslåing?

Regjeringa sine uttalte mål om reforma, var at det skal gi eit grunnlag for sterkare kommunar som kan ivareta velferdsoppgåver både no og i framtida og sikre gode lokalsamfunn for innbyggjarane.

Ei reform skulle bidra til:

  • Gode og likeverdige tenester til innbyggjarane
  • Heilskapleg og samordna samfunnsutvikling
  • Berekraftige og økonomisk robuste kommunar
  • Styrka lokaldemokrati

Intensjonsavtale - Volda og Hornindal

Den 20. juni 2016 signerte Hornindal-ordførar Stig Olav Lødemel og Volda-ordførar Jørgen Amdam ein intensjonsavtale om samanslåing av Hornindal og Volda kommunar.

I denne avtalen stod det mellom anna at begge kommunar var samde om at kommunesenteret skulle liggje i tettstaden Volda. Rådhuset i den nye kommunen ligg derfor i Volda sentrum.

Begge kommunar var også samde om at talet på kommunestyremedlemmer skulle vere minimum 33 medlemmer, som seinare vart vedteken av Fellesnemnda.

Det vart også skrive i intensjonsavtalen at Austefjord krins skulle inn i same opptaksområdet til Hornindal skule.

Grensejustering

I tillegg til endra kommune- og fylkesgrenser, har det også skjedd grensejusteringar i nærliggande område både i det gamle Hornindal og det gamle Volda. 

Allereie frå 1. januar 2019 vart ein del av Kjøs krins grensejustert til Stryn kommune, som betydde at grenda Maurset vart grensejustert over til Stryn kommune. Resten av Kjøs krins forblei i Hornindal, og deretter flytta til "nye" Volda frå 01.01.2020.

Det vart også ei grensejustering mellom Ørsta og Volda, der Bjørke og Viddal vart flytta over til den nye kommunen. Denne grensejusteringa skjedde først 1. januar 2020.