Kulturbygging

Kulturbygging

Temakomiteen for kulturbygging. Odd Harald Sundal For å knyte saman innbyggjarar i høvesvis Hornindal og Volda kommunar, vart det oppretta ein temakomité for å jobbe med kulturbygging.

Komiteen hadde som føremål å etablere nye møtestader eller spele på eksisterande møtestader. Ei stor fokusgruppe var særleg ungdom.

Komiteen gjennomførte mellom anna eit prosjekt med venebenkar, der ein Hornindal-produsert benk vart plassert i Volda - og ein Volda-produsert benk vart plassert på Grodås.

I tillegg vart det delt ut kulturbyggingsmidlar for lag og organisasjonar som arrangerte hendingar på tvers av kommunegrensa før samanslåingstidspunktet.

Eit viktig moment for komiteen var å stimulere folk til å treffast ansikt til ansikt og skape sosiale relasjonar, slik at ein kan lukkast med å bygge samhald og ein felles identitet for heile den nye kommunen.

Organisering

Kulturbyggingskomite
Namn Funksjon Kommune
Odd Harald Sundal Leiar Volda
Volda Frivilligsentral v. Astrid Gjersdal Medlem Volda
Volda ungdomsråd ved Sigurd Tverberg Medlem Volda
Hornindal Frivilligsentral v. Kristine Sofie Orheim Hansen/Ola Bergset Ulvedal Medlem Hornindal
Anett Mari Bugjerde Medlem Hornindal