Namn, kommunevåpen og ordførarkjede

Namn, kommunevåpen og ordførarkjede

Temakomiteen for nytt kommunenamn og heraldikk. Frå venstre: Rolf Taraldset, Siv Madeleine Kristensen, Jørgen Amdam, Jon Tvinnereim, Stig Olav Lødemel, Kari Hasle og Odd Arne Folkestad. Joakim Rødven Ein temakomité vart sett ned for å lage innstilling til nytt kommunenamn, kommunevåpen og ordførarkjede.

Denne komiteen vart oppretta av den førebelse fellesnemnda for nye Volda 10. mars 2017, der komiteen vart beden om å kome med innstilling til kommunenamn, kommunevåpen og ordførarkjede for den nye kommunen.

Jon Tvinnereim vart oppnemnd som leiar, medan Rolf Taraldset og Siv Madeleine Kristensen (begge Hornindal), Kari Hasle og Odd A. Folkestad (begge Volda) representerte sine respektive kommunar i prosessen.

Komiteen vart avvikla i Fellesnemnda 10. januar 2019 etter at det vart gjort vedtak på design til nytt ordførarkjede, som var det siste av dei delegerte oppgåvene til komiteen.

Kommunenamn

Den første oppgåva som komiteen jobba med, var den nye kommunens namn.

Temakomiteen inviterte innbyggjarar til å kome med innspel i ein open konkurranse. Etter innspelsperioden var det i hovudsak to forslag som komiteen vurderte som mest aktuelle: Kviven og Volda.

Valet hjå komiteen falt til slutt på "Volda" og den 16. mai 2017 leverte komiteen si innstilling til dei to ordførarane på kommunehuset Smia.

Etter eit felles kommuntestyremøte i Honndalshallen 1. juni seinare på året, vedtok begge kommunar at Volda skulle vere namnet på den nye kommunen.

Medan Volda kommunestyre var samrøysta om vedtaket, vedtok kommunestyret i Hornindal namneforslaget med ti mot sju røyster.

Kommunevåpen

Neste oppgåve for temakomiteen var å lage ei innstilling til nytt kommunevåpen.

Også i denne prosessen inviterte komiteen innbyggjarar til å teikne og sende inn forslag. Etter at fristen for forslag hadde gått ut 1. september 2017, hadde det i alt kome inn om lag 50 forslag.

Den 16. november same år la komiteen fram si innstilling til nytt kommunevåpen som orientering for Fellesnemnda. Dette var ei blanding av dei to eksisterande våpena, der både pennesplitten (frå Volda) og to av tre ljåblad (frå Hornindal) var med.

Dette forslaget vart så vedteken i Fellesnemnda den 19. april 2018.

Ordførarkjede

Den siste oppgåva til komiteen var å utforme ordførarkjede. Komiteen kom raskt fram til at dei ønskte å ta utgangspunkt i Hornindal si eksisterande ordførarkjede.

Komiteen ønskte å bruke om att ein del av symbola, og landa til slutt på at dei ønskte å ha følgjande symbol på den nye ordførarkjeda:

Bok, båt, fele, fyr, Honndalsrokken, høvel, idrett (hopp og fotball), Lisjetoren, skulptur (frå Svor-museet), vevstol.

Saka var oppe til handsaming i Fellesnemnda 10. januar 2019, og vart samrøystes vedteken av politikarane. Dette konkluderte arbeidet til komiteen, som etter vedtaket vart avvikla.

Den produserte ordførarkjeda vart så vist fram for Fellesnemnda den 5. september 2019.

Sølvi Dimmen vart overrekt ordførarkjeda under kommunestyret sitt konstitueringsmøte 24. oktober 2019, der ho vart den aller første ordføraren til å bere denne kjeda.