Trinn 11 - Volda kommune

Trinn 11

Institusjon 

Langtidsplassar for heildøgns pleie og omsorg

Slik vil vi ha det

byggarar i Volda med vedvarande og omfattande helse- og omsorgsbehov, får langtidsopphald, når hjelpetiltak på lågare trinn er forsøkt og ikkje lenger er fagleg forsvarleg

Slik gjer vi det

  • Vi gir døgnomsorg i livets siste fase, når medisinsk hjelp ikkje kan skje forsvarleg i eigen heim

Når du treng å flytte til sjukeheim eller andre buformer med døgnbemanning.

Dette trinnet er nest siste trinn i trappa, og er for deg som ikkje kan bu heime lenger med oppsøkjande tenester frå dei tidlegare trinna. Sjukeheim er for deg som treng døgnbemanna helsehjelp resten av livet.

Dette kan du gjere sjølv:

  • Førebu deg på at du, eller dine næraste, kan oppleve endring i funksjonsnivå ved flytting til opphald i institusjon.
  • Tenkje over kva du, eller dine næraste, treng av gjenkjennelege kvardagselement for best mogleg funksjon.
  • Formidle kva du, eller dine næraste, kan og bør gjere sjølve, og kva du kan meistre sjølv med litt hjelp.
  • Følgje tilrådingar frå helsepersonell.
Les meir om trinn 11 her

 

Tilbake til trappa