Trinn 12 - Volda kommune

Trinn 12

Bustader og institusjon - spesialiserte plassar

Forsterka plassar for barn og vaksne

Slik vil vi ha det

Innbyggjarar i Volda med omfattande og samansette behov kan få tilgang til spesialiserte bu- og tenestetilbod, når det er fagleg vurdert som mest tenleg.

Slik gjer vi det

  • Vi har bustadar og institusjonsplassar med stor grad av spesialisering, forsterka bemanning og spissa fagkompetanse for ulike brukargrupper som er vurdert og har behov for det
  • Vi kjøper tenester frå eksterne aktørarved behov

Tenester som møter særskilde utfordringar med funksjonsevne og psykisk helse

Slike særskilde utfordringar krev spesialisert og spissa fagkompetanse.

Dette kan du gjere sjølv:

  • Følgje råd og rettleiing som kan bidra til å redusere behovet for eit spesialisert butilbod.
  • Førebu deg på at du, eller dine næraste, vil oppleve endring i funksjonsnivå ved flytting til spesialisert plass.
  • Tenkje over kva du, eller dine næraste, treng av gjenkjennelege kvardagselement for best mogleg funksjon.
  • Formidle kva du, eller dine næraste, kan og bør gjere sjølve, og kva du kan meistre sjølv med litt hjelp.
  • Følgje tilrådingar frå helsepersonell.

 

Døme på tilbod:

  • Forsterka fosterheim
  • Eksterne butilbod for komplekse behov
  • Skjerma sjukeheimsplassar
  • Spesialtilpassa tilbod til barn med multifunksjonshemming

 

Les meir om trinn 12 her

 

Tilbake til trappa