Trinn 2 - Volda kommune

Trinn 2

Helsefremmande kvardagsliv og forførebyggande aktivitet 

God helse, meistring og livskvalitet for alle

Slik vil vi ha det

Innbyggarane i Volda er aktive i kvardagen, tar ansvar for eiga helse, og bur i eigen bustad så lenge dei kan.


Slik gjer vi det:

  • Vi legg til rette for gode bumiljø for alle med ulike bustadar og buformer i eit alders- og demensvenleg samfunn
  • Vi samarbeider med innbyggarane, næringsliv og lag og organisasjonar om helsefremmande og førebyggande aktivitetar
  • Vi tilbyr opplysning og rettleiing, slik at innbyggarane kan ta gode val for eigne liv og eiga helse
  • Vi legg til rette for at tilsette og lokalsamfunnet har kunnskap til å fanga opp teikn og signal på barn, unge og vaksne som står i fare for å falla utanfor, slik at dei får nødvendig hjelp så tidleg som mogleg
  • Vi har gode system og tilbod for å vareta pårørande og frivillige

Dette kan du gjere sjølv:

Oppsøkje informasjon om kva som fremjar god helse.

Delta i helsefremjande tilbod og aktivitetar.

Vere merksam på uheldig utvikling i eiga helse eller hos dei nærmaste, og oppsøkje råd og rettleiing.

 

Les meir om trinn 2 her

 

Tilbake til trappa